Skip to content

Irkutsk, Sibirs Paris

Irkutsk er hovudstaden i Irkutsk-regionen som saman med Burjatia deler på Bajkalsjøen, og har ca. 600 000 innbyggjarar. Elvane Angara og Lena renn gjennom Pribajkalje-regionen. Lena er 4 400 km lang og ei av verdas lengste elvar. Byen Irkutsk vart bygd av kosakkane som ein festning i 1661. Den fyrste russiske ambassadøren til Kina var frå Irkutsk. På 1880-talet fann dei gull og handel med Kina, Mongolia og Aust-Sibir utvikla seg. I 1879 vart byen øydelagd av ein stor brann. Irkutsk er også kalla for Sibirs Paris fordi det var eit kultursentrum på 1800-talet. Etter det mislykka opprøret mot tsar Nikolai I. i St. Petersburg i 1825 vart deltakarane deportert til Sibir. Dei som deltok vert kalla dekabrister fordi opprøret skjedde 26. desember og dekabr betyr desember på russisk. Fem av dei vart hengt og meir enn 100 utvist til Sibir. Dei tok med seg kultur og utdanning, og fram til då lite utvikla området vart til deira intellektuelle senter, spesielt Irkutsk og Tsjita.

  

  

  

  

Etter å ha venta på visumregistrering i ein time sjekka me ut av hotellet. Me gjekk langs Leningata og heilt ned til elva. Der står statue av Aleksander III. Han sette i gang byggjing av Den transsibirske jernbana i 1891 og alt i 1898 kom det fyrste toget til Irkutsk. Nede ved elva er det bygd trappetrinn der ein kan sitja og beundra elva og den gamle togstasjonen på andre sida av elva.

På vegen tilbake gjekk me innom Regionsmuseum kor dei hadde utstilling om byens historie frå steinalderen til ekspedisjonar, reise til verdsrommet og ein løyen samling av alt mogleg frå Sovjettida. I suvenirbutikkjen hadde dei òg alt mogleg av postkort, magnetar, smykker og sjamanistiske trommer.

Forbi Dramateateret og Leninstatua fortsette me til Karl Marks-gate der me fann ein kafé med kjempegod mat, kaffi og wifi som virka. Karl Marks-gata er ei ganskje lang gate. Me stoppa på ein bokhandel og kjøpte kart over Olkhon og Ulan-Ude. So dukka ein sentralmarknad opp framføre oss, både ein stor innandørshall og utandørsmarknad med alt ein kan tenkje seg.

På eit moderne kjøpesenter ikkje langt derifrå kjøpte me ein musikk-CD. Me høyrde mykje på russisk radio, både i bilen, på restaurantar og kaféar. Der spelte dei heile tida ein song av den russiske songarinna Ëlka og me hadde lyst til å høyra meir av ho.

Det var utruleg varmt ute og då me gjekk forbi ein stad der dei selde kvas so kjøpte me den som kjølevatn 😊 Ved elva såg me ei katolsk kyrkje, den einaste i Sibir, bygd av polakkar. Ikkje langt derifrå er Bogojavlensky-katedralen med veldig fine måleri både på ut- og innsida. Dei heldt på å restaurera den og hadde stillas rundt tårna. Arbeidarane stod høgt oppe utan rekkverk og berre på ein brei plank med god svikt 😊

  

  

  

  

Middag åt me på ein mongolsk restaurant kor dei laga utruleg god mat. Me smakte mongolsk suppa med sauakjøt og nudlar. Til hovudrett bestilte me hestekjøt og ein tallerk med mongolske spesialitetar. Dei var laga av pasta og var ein slags pelmeni (pozy), tjukk lefse fylt med grønsaker (kuusjur) og steikte pelmeni, servert med salat av sursøte gulrøter.

Irkutsk var den fyrste byen kor me såg narkomanar og alkoholikar, dei fleste litt mørkare i huda. Om burjatar og mongolar vert diskriminert og får låglønna jobbar i Russland, klarde me ikkje å finna ut.

I Irkutsk var det mykje flygande kvite ting frå poppeltre. Dei såg me i Volgograd i mai, altså for ein månad sidan. Det er stor avstand og klimaforskjell mellom desse to stader.

  

  

På kvelden køyrde me ut av byen og nordover på veg P418. Undervegs handla me mat og stoppa etter ca. 1,5 time. Landskapet var noko monotont, fyrst var det litt skog og seinare flatmark med få tre. Me fekk høyra at på denne strekninga såg det ut som i Mongolia. Me la oss ikkje så langt frå vegen. Det var ei slette rundt oss. Me såg ein fin solnedgang.