Skip to content

Den gylne ringen i Russland

I dag reiste me te Suzdal, ca. 30 km nord for Vladimir. Vladimir og Suzdal er begge gamle middelalderbyar i Den gylne ringen i Russland. Det er ei betegning for historisk viktige byar med arkitektoniske skattar i form av kyrkjer med gullkuplar, klostrar og festningar. Byen vart grunnlagt i 1024 og hundre år (1125) seinare vart den hovudstad i Suzdal-Rostov fyrstedømmet. Der regjerte Jurij Dolgorukij som også grunnla Moskva på same tid. Suzdal er i dag ein verna by og sidan 1992 på UNESCO-lista. Vennskapsbyen til Suzdal er Bardejov, ein koseleg by øst i Slovakia.

Suzdal er ein mindre by med 12 000 innbyggjarar og 30 kyrkjer. Dei fleste kyrkjene er i nedfall. Men ikkje dei som er verdsarvstader. Jomfrukatedralen var faktisk under oppussing då. Den var bygd i 1225 og maleria og freskoar på veggane og „gulldøra“ frå 1200-tallet vart fint restaurert. Kyrkja ligg innafor murane til Kreml frå 1000-talet, ein av dei eldste i landet. På museet kunne me lesa om byens historie, ikonmaling og sjå den opphavlege døra til katedralen frå 1200-tallet og Korshallen, ein mottakingssal frå 1700-tallet med kongesete og trestolar til viktige gjester.

Kva er eigentleg ikonar? Eit ikon er eit religiøst bilde eller maleri typisk for ortodoks kyrkje. Som oftast viser den hendingar frå Bibelen og figurar av helgenar, stort sett Jesus Kristus, Guds mor og andre. Ikon er eit maleri på tre, men i verkelegheita malast ikkje ikonane, dei vert skrivne, det er på ein måte Heilag skrift i bilete.

  

  

  

  

Sjølve byen er ein koseleg by med eit sentralt torg kor dei sel frukt, grønsaker og suvenirar. Det var ikkje mange turistar der, men russarane reiser litt i eiget land og ser på ting. Me fann oss ein koseleg restaurant i Leningata og prøvde ei ny suppe, kålsuppe som heiter sjtsji. I tillegg åt me blini med rømme og cottage cheese og kokekaffi. Etter middag reiste me vidare og stoppa på ein STOR matbutikk som hadde 72 kasser lina opp.

  

  

  

Etter 3 timar på vegen kom me til Nizjnij Novgorod. Det var ikkje lett å finna eit hotell her. Me hadde nokre tips frå guideboka, men dei var for dyre. Det kosta like mykje som hotell i Moskva. Nizjnij Novgorod er kjend for dobbel prissetting, altså dobbel pris for utlendingar. Til slutt havna me på Ibis hotell, eit heilt nytt hotell ca. 10 minuttar gange frå gågata. „Det fyrste internasjonale hotellet i byen“, som dei sjølv skryt av. Etter å ha snakka med ein full parkeringsvakt som slapp oss inn, gjekk me til hotellrestauranten og bestilte soljanka, pelmeni og Kiev-kylling og toppa det med Zlatý bažant, mørkt øl frå Slovakia. Dei snakka flytande engelsk på hotellet og internett var gratis.