Skip to content

Midt i Amish-landet

Pennsylvania er ein veldig interessant stat. Midten av staten er heimen til amishar eller dei amiske som dei også heiter på norsk. Amishar er ei gruppe kristne som lever enkle liv som bønder. Dei har sine røter i den radikale protestantisk-anabaptistiske bevegelsen frå 1400-talet som heitte mennonitter og er oppkalla etter den nederlandske presten Menno Simons. Jakob Ammann forlet mennonitter på 1600-talet fordi dei ikkje var konservative nok og starta ein ny amish-bevegelse som i dag er oppkalla etter han. Begge grupperingane vart forfylgd av både protestantar og katolikkar fordi dei nekta barnedåp og føretrakk separasjon av kyrkje frå staten. Derfor var dei tvungne til å forlate Europa. På 1720-talet inviterte William Penn dei til Pennsylvania. Han var ein engelsk kvekar som eigde då koloni Pennsylvania og var talsmann for demokrati og religionsfridom. I dag bur det ingjen amishar i Europa. I USA bur dei stort sett i Pennsylvania, Ohio og Indiana, og eit stort samfunn av cirka 30 000 amishar bur rundt byen Lancaster i Pennsylvania, der me er no.

Det er fleire hovudtrekk som karakteriserer dei. Dei er anabaptistar, det vil sei at dei føretrekkjer dåp i vaksen alder og kan dermed velja om dei vil verta døypte eller ikkje. Dei døypar ikkje ungar når dei vert fødd. Dei meiner at høgare utdanning er unødvendig og det er nok å gå på skule i 8 år. Dei ser ikkje enkeltpersonar, men heile fellesskapet. Individa er undertrykt til fordel for fellesskapet og kvinner er underlagt menn. Dei har messer heima, ikkje i ei kyrkje. Dei kler seg veldig konservativt og brukar kle typiske for bønder på 1800-tallet, gjerne i svart eller myrk farge. Menn har langt skjegg, dei lar det veksa når dei giftar seg. Amishane motset seg moderne teknologi og brukar ikkje straum og heller ikkje bilar. Dei kan bruka straum frå diesel, gass- og bensingenerator, batteri og i nokre tilfelle også solcellepanel, men ikkje straum levert over straumnettet.

  

  

  

Bilete frå Heritage Center Museum

Me var innom det lokale museet Heritage Center Museum i Lancaster der me lærte mykje om amishar og kulturen deira. Der fortel dei turistar kor dei kan køyre for å sjå amishar, fordi dei er ein attraksjon i detta området. So me køyrte ut på landet og passerte ein del hestekjerrer på vegen saman med moderne bilar. Hestekjerrer er moderne med blinklys og greier, og er på vegen samstundes med vanlege bilar. Det må vera spesielt både for amishar og andre bilistar. Me køyrte forbi skular der bodn leika ute, spelte fotball eller noko anna og såg nøgde ut. Skuler kor amiske bodn går har berre eitt rom. Husa deira var som alle andre hus, reint tøy hang ute til turk og me såg også store generatorar som laga straum. Amiske menn som jobba på åkeren og i floren var fint kledde i kvite skjortar, svarte dressjakker og hatt. Dei pløgjer bakkane med 6 hestar og har svære møkatankar som dei gjødslar med. Det er imponerande korleis dei klarar å motstå presset frå samfunnet, men kor lenge klarar dei det?

Amishar er kjende for å vera særs flinke handtverkarar. Dei brukar berre handverktøy. Dei er høgt respekterte i USA for å hjelpa folk i naud. Dersom det har vore orkan i eit område reiser dei dit og hjelper til med gjenoppbygging av hus og bygningar sjølv om dei som er forulukka ikkje tilhøyrer sekta. Dei er visst raskare enn andre handtverkarar med moderne utstyr. Dei tek heller ikkje betalt for dette. Sidan ikkje pengar har betydning for dei og dei bur mange på kvar gard har dei godt med arbeidskraft.

  

  

  

  

Me stoppa på ein amish-eigd butikk (Countryside Road Stand) med lokal mat, handverk, ferske graskarmuffins og mykje anna godt. Der var også ein gamaldags kledd famelie med to små jenter som grein til seg godteri 😊 Ungar er vel like uansett religion eller hudfarge. Me vart anbefalt å eta på Family Cupboard, der dei hadde lokalmat og bufeet med kjempegod mat, dessertar, is og kaffi. På den lokale marknaden i Bird-in-Hand kjøpte me fantastiske kringler som var mjuke etter den italiensk-amerikanske tradisjonen. 

På Heritage Center Museum i Lancaster såg me også eit trykkeri frå 1920-talet og ein mann synte korleis ei bokpresse virka. Me fekk prøvd to av dei og printa våre egne postkort. Martin Guthenberg forbedra trykkeriet på 1450-talet då han brukte enkelte bokstavar og teikn til å setje opp ei side. Han organiserte bokstaver alfabetisk, til dømes var J og U på slutten fordi ein brukte V for U og G for J.