Skip to content

Fridomsklokka

Philadelphia er ein veldig viktig by når det kjem til amerikansk historie. Den 4. juli 1776 erklærte USA uavhengigheit frå Storbritannia og i 1787 vart USAs grunnlov underskrevet. Begge dokumenta vart vedtekne i Independence Hall her i Philadelphia. Fyrst etter sikkerheitssjekk til Independence Hall fann me ut at me måtte ha kjøpt billett på Turistkontoret, so me gav opp. Bygninga var ferdigstilt i 1753 og er nasjonalt historisk minnesmerke, også på UNESCO si verdsarvliste. Den amerikanske grunnlova er berre 4 sider lang, men det er eit dokument som har påvirka mangjen land i verda. Det er mogleg å læra meir om den i National Constitution Center. På trappa til Independence Hall erklærte Tsjekkoslovakias fyrste president Tomáš Garrigue Masaryk Tsjekkoslovakias uavhengigheit den 26. oktober 1918.

Byen er også heimen til amerikanarars symbol Liberty Bell. Denne verdsberømte fridomsklokko vart laga i England i 1753 og vart husa i Pennsylvania State House. Den er 940 kg tung, 365 cm i omkrets og består av 70 % kopar og 25 % tinn. Klokko symboliserar fridom, namnet fekk den under kampar for avskaffing av slaveri på 1860-talet. Fridomsklokko vart også brukt av kvinnebevegelsen i deira kamp for kvinnerettar og av mangje andre grupper. Amerikanarar lever og åndar av historia og krigane sine: uavhengigheits-, borgar-, menneskeretts-, fyrste og andre verdskrig, Korea-, Vietnamkrig, osv.

  

  

  

  

  

  

Market Street er ei koseleg gate med butikkar og kaféar. Me åt toast og kaffi der før me gjekk til City Hall, rådhuset. Der var det masse protestanter som hadde slått opp telta sine. Dei protesterte mot det same som folk i Boston, altså for mindre forskjellar mydlo dei rike og fattige og elles i samfunnet.

På ettermiddagjen køyrte me ut av byen, inn i Delaware for å koma att til Pennsylvania og overnatta i Coatesville. Der fekk me ein solplass, laga oss kaffi og sat ute, men det vart veldig kaldt etterkvart. Me snakka med eit ektepar frå Michigan, dei hadde nettopp byrja å reisa og var på veg til Florida. Dei var på besøk til dottera si som hadde fått barn.