Skip to content

Tsjita

I går køyrde me i eit sånt terreng som me ikkje trudde var der: både fjedl og sletter. Det var utruleg vanskjeleg å finna ein overnattingsstad. Me var på 900 moh., det trudde me heller ikkje. I dag tidleg reiste me av garde klokko 8 og stoppa nesten ikkje før me var i Tsjita. Og det var etter 800 kilometer og 7,5 timar. Me hadde planar om å overnatta to gongjer, men plutseleg var me i Tsjita.

Sentrum av Tsjita er ikkje stort. Me parkerte ved sido av den store plassen der ein liten Lenin står og der Katedralen til Aleksander Nevskij stod mydlo 1902 og 1936. Me var litt reduserte etter heile dagen i bilen og den enorme varmebøljo i Tsjita. Ved 18-tida var det framleis 32 varmegradar og veldig fuktig so me sleit med det meste. Det var nok ikkje berre oss, byen var nesten folketom, folk held seg helst inne.

Me ville sjå byen so me gjekk ei runde. Den var redusert til å vitja katedralen med lysblåe murar og gyldne kuplar, det var veldig fint. Det var ein del tiggarar utanfor portane og inne måtte kvinner ha eit håveplagg. Me gjekk også forbi huset der parlamentet til Republikken til Det fjerne austen held til mydlo 1920 og 1922.

Klokka 22 køyrde me ut av byen for å finna overnattingsplass og hamna sør for byen i eit område med unge festglade menneskje.

  

  

  

  

  

  

  

Me kom inn i ei ny tidssone, såkalla Jakutsk-tid. Forskjellen er 6 timar frå Moskva og 8 timar frå Slovakia/Norge. No er det berre 1 tidssone att og den ventar på oss i Vladivostok. Totalt skal me reisa gjennom 7 tidssonar med 9 timars forskjell frå Slovakia/Norge. 

Interessant er for eksempel faktum at i Japan er klokka like mykje som i Irkutsk, altså to timar mindre enn i Vladivostok. Og Japan er jo aust for Vladivostok, berre avskilt av eit lite havstykkje.

Russland er landet med flest tidssonar i heile verda. Når klokka er 8 om morgonen i Moskva, er klokka 15 i Vladivostok. Den 8. februar 2011 utsteda den russiske president Medvedev eit dekret som kansellerte sommartid. Russarane stilte klokka for siste gong den 27. mars 2011. Tidssona i Irkutsk vart slått saman med den i Krasnojarsk, vart nærare Moskva og folk i Irkutsk skulle derfor ikkje stilla klokko slik at dei kom på same tid. Russarane stilte ikkje tida tilbake i oktober. Moskvatida vert då permanent UTC +4 timar. Dette vart gjort av helseomsyn, fordi folk var stressa og sjuke av at tida skulle endrast så ofte.