Skip to content

På besøk i Novosibirsk

Novosibirsk er Russlands 3. største by. Den vart grunnlagd i 1897 grunna Den transsibirske jernbanen, fordi bøndene frå Altaj brukte jernbana til å frakta korn frå Sibir med. Byen heitte Novonikolajevsk til ære for tsar Nikolai II. fram til 1926. Novosibirsk var ein av dei fyrste byane i landet der obligatorisk grunnskule vart innførd i 1913. I 1962 nådde byen 1 million innbyggjarar og vart den yngste byen i verda med over 1 million innbyggjarar. Fram til 1990 var byen stengd for utlendingar grunna forskingsinstitutta. I dag er Novosibirsk hovudstad og største by i Sibir med ca. 1,5 millionar innbyggjarar.

Gjennom byen renn elva Ob, den fjerde lengste elva i verda (3 680 km lang) og ei av dei største i Russland. Den renn gjennom heile Sibir og munnar ut i Nordishavet. Hennar største sideelvar er Katun og Bija som har utspring i Altajfjella.

  

  

  

  

  

  

  

  

Det tok litt over 1 time å køyra til sentrum av Novosibirsk. Me berre fylgde M53 nordover og kom heilt perfekt til Leninplassen. Alt klokka 10 var det 22 grader. Me parkerte framom operaen som er visst Russlands største opera med plass til 2000 tilskodarar. Der var dei i full gang med å rigga seg til med scene, bannera, ballongar, og politiet passa på alt. Det er den 12. juni i dag, nasjonaldagen i Russland då Russland vart sjølvstendig i 1991. Me var med å feira i lag med russarane, det var mykje folk ute.

Etterkvart gjekk me nedover Krasnij prospekt og såg på St. Nikolai-kapellet frå 1915 (bygd på nytt att i 1991) som er det geografiske senteret til Russland. Derifrå fortsette me til Aleksander Nevskij-katedralen bygd i murstein i bysantisk stil og gylne kuplar. Det var fine veggmalerier inne.

  

  

  

  

Tilbake til Leninplassen tok me med oss pc-en og ville kobla oss mot internett. På vår utvalde cafè hadde dei verken internett som fungerte eller det me hadde bestilt. Me gjekk vidare og fekk sjekka internett ein annan stad. Me har høyrt ulike ting om registrering av visum i Altajrepublikken so me ville sjekka det. I morgon vil me køyra inn i Barnaul og sjekka med eit reisebyrå som eig fleire feriesentra/hotellar og driv med aktivitet i Altajfjella.

Til slutt handla me mat og køyrde ut av byen. Klokka var 20 då me stoppa berre nokre kilometer frå Novoaltajsk og Barnaul. Me hadde framleis tatarská (ein slags majones) frå Slovakia so me slo til og lagde oss ein sabba middag av pommes frites og panert kylling 😊