Skip to content

Maligne Canyon og Lake

I dag vakna me tidleg og måtte slå på varmeanlegget fordi det var so kaldt i bilen. Geir laga egg, pylsa og bønner til frukost 😊 Naboen vår sleit med å starta bilen, so Geir hjelpte han 😊

  

Turen gjekk til Maligne Canyon, den djupaste canyonen i Rocky Mountains. Den er den djupaste canyonen i nasjonalparkjen Jasper med 50 meter djupne på det meste. Den var også gansje smal, på nokre stader so smal at ekorn kan hoppa frå den eine sida til den andre. I canyonen er det 6 bruer. Den andre er den høgaste og ved den tredje finn ein dei beste fotomoglegheiter.

  

  

  

Vidare køyrde me på vegen Maligne Lake Road som er ein spektakulær veg med mangjen svingar og utsiktspunkt. Den startar i Jasper og er 43 km lang. Langs vegen, spesielt rundt innsjøen Medicine Lake, er det mykje dyreliv og vanleg å sjå sauer. Langs heile vegen var det skilt om at det var villdyr ute og at me ikkje måtte gå ut, samstundes som det var rasteplassar langs vegen og syklande folk! I enden av vegen finn ein  Maligne Lake, den største innsjøen i Canadian Rockies. Den ligg på 1 670 m.o.h. og er 22 kilometer lang og 97 meter på det djupaste. Rundt innsjøen kan ein sjå tre isbrear og ta seg ein båttur til verdas vakraste øy Spirit Island.

  

  

  

  

Tilbake i Jasper åt me middag på ein terrasse med fin utsikt over byen. Me kjøpte kaffi med oss og sette oss på ein benk kor me observerte folk. Dette likar Geir godt, på campingplassar har han full oversikt over kor tid folk kjem og går og kva dei gjer. I Jasper hadde dei offentleg vaskeri med café og internett kor folk kunne sitja og venta på kledna sine.