Skip to content

Covington og Cincinnati

På motellet var det kontinental frukost, det vil sei toast med smør og syltetøy og muffins. Ikkje so veldig spanande, me lagar nok betre frukost i bilen vår, men det er no greitt å få med seg kva dei serverar på amerikanske motell/hotell.

Grunnen til at me reiste hit var at Ivana var her sommaren 2003 og ville visa Geir kor ho budde og jobba. Ho budde i Covington i Kentucky som ikkje er långt frå Newport der me overnatta i natt. Til Newport pleidde ho og dei andre ho var her med å gå på kino og handla på kjøpesenter. Det tok oss berre nokre minuttar og køyra til Covington, rett over elva Licking. So me hadde ein liten sightseeing i byen før me stoppa ved Mariakatedralen (St. Mary´s Cathedral). Katedralen var bygd i 1895 etter modell av Notre Dame i Paris og kan skryta med verdas største handlaga kyrkjevindauga av farga glas. Me snakka med ei dame i kyrkjo og ho var imponert over at me hadde reist rundt jorda og kom til vetle Covington 😊

Me fylgde Madison Avenue der Ivana pleidde å gå kvar dag heimafrå til jobb. Ho brukte 30 minuttar på å gå, men no køyrde me på nokre minuttar. Me parkerte framom hotellet Embassy Suites i gata River Center Road som var hennar hovudarbeidsplass. På ein mur på nedsido av hotellet, som vender mot elva Ohio, er det 17 veggmaleri som illustrerer historia til Nord-Kentucky.

  

  

  

  

  

Etterpå gjekk me over brua Roebling Bridge frå 1865 til Cincinnati som ligg i Ohio. Der måtte me sjå på Millennium Hotel der Ivana òg jobba. Det skjedde ikkje mykje i Cincinnati og det meste såg stengt ut. To enorme baseballstadion dominerer byen og dei fine historiske bygningar langs elva måtte vika unna for dei. Byen var nesten folketom sjølv om det var ein måndag. Det var fordi andre måndag i oktober er det nasjonal heilagdag i USA og amerikanarar feirar Columbus Day til minne om Christopher Columbus sin ankomst til Amerika den 12. oktober 1492. Sidan det ikkje skjedde mykje i Cincinnati, gjekk me over brua tilbake til Covington. Der likte me oss betre fordi det ikkje er mangjen høge bygningar der og det går an å finna koselege restaurantar.

Cincinnati er den tredje største byen i Ohio (ca. 300 000 innbyggjarar) og vert kalla for „Queen City“. Byen var eit transportsenter på 1800-talet då dampbåtar segla på kanalen mydlo Ohio River og Eriesjøen. Chicago tok over som transportsenter då den fekk jernbane, men også Cincinnati fekk jernbane i 1836. I 1837 vart selskapet Procter & Gamble stifta i Cincinnati og er i dag verdas største selskap som produserer og marknadsfører forbrukarvarer. For oss er det mest kjend for helsepleieprodukt som sjampo, tannkrem, osv. Det er spesielt ein matrett som er kjend frå Cincinnati. Den heiter 3-Way og består av spagetti, chili og ost). Viss du har løk oppi so heiter den 4-Way, og har du bønner oppi so vert det 5-Way. På kvelden køyrte me ut av byen mot Columbus, Ohios største by og hovudstad. I morgon skal me til Cleveland, Ohios nest største by. I dag har me vore i USA i 52 dagar og køyrt 10 948 km (157,5 timar). Berre litt turr statistikk 😊