Skip to content

Barnaul

Ca. 250 km syd for Novosibirsk ligg Barnaul med 500 000 innbyggjarar. Akkurat den dagen me var der var byen litt tom sidan det var dagen etter nasjonaldagen. Og sjølv om det var ein måndag so hadde alle fri. Ved innkøyring til byen har dei eit stort skilt med bokstaver Barnaul i same stil som i Hollywood.

Me var tidleg oppe i dag og alt klokka 8 parkerte me ved Dinamo-stadion i Barnaul. Det me hadde planar om å finna ut, var heilt umogleg. Alt var stengt denne dagen so me vart ikkje klokare enn i går. Me veit framleis ikkje korleis det er med registrering av visum i Gorno-Altajsk. Me berre køyrar vidare, so ser me.

Gjennom byen strekkjer seg den 7 km lange Leningata. Det kjem kanskje ikkje som ei bombe, men også her i Leningata står ei statue av Lenin. Me spaserte også forbi Nikolaikyrkja, ei fin raud kyrkje med gylne kuplar. Langs Leningata ligg også hovudkvarteret til FSB for Altaj-region. FSB er den føderale sikkerheitstenesta i Russland, etterfylgjaren til den sovjetiske Tsjekaen og KGB, og kan samanliknast med PST i Norge. Statue til Feliks Dzjerzjinskij, grunnleggjaren til Tsjeka, står framom bygninga og bak det høge gjerde.

  

  

  

  

  

  

  

Rundt klokka 13 køyrde me ut av byen, forbi Barnaul-bokstaver og utan pause fortsette me til ein stad som heitte Polkovnikovo. I tillegg til at me åt her på ein veicafé, er denne staden kjend for Kosmonautmuseum (astronautmuseum). Grunnen til at det er plassert nett her er at German Titov var født her i regionen. Titov var sovjetisk astronaut som i 1961 flaug rundt Jorda om bord raketten Vostok 2. Han var den andre mannen etter Gagarin som gjekk i bane rundt jorda. Sidan han berre var 25 år gamal, var han også den yngste astronauten i verda. Og det er akkurat denne raketten dei har på utstilling her på parkeringsplassen.

  

Derifrå var det cirka 90 km til Bijsk og utruleg varmt. Me fylte vatn i byen og handla litt mat. Sidan ankomst til Gorno-Altajsk foreløpig var uavklart, bestemde me oss for å køyra den nordlege vegen til Artybasj. Vegen var god til å byrja med, men kvaliteten på vegen endra seg heile tida. Me køyrde lenge på ein støvete grusveg med store steinar og hol, asfaltert veg i Altaj-republikken og tilbake på grusvegen, denne gongen med fin grus. Det var ingjen sperre til Altaj, berre eit stort skilt fortalde oss at me var i ein ny republikk. Me brukte 3 timar på 125 kilometer! Langs vegen såg me nokre bygder og små plassar kor det budde folk med born, dyr og dei hadde matbutikkar, busstopp og telefonkiosk. Dei hadde eit enkelt liv på garden, utan bekymringar og det såg ut som om dei hadde det godt. Det er nesten umogleg å komme seg derfrå raskt og dei kan ikkje reisa til byen for å gå på jobb. Naturen var fin, me passerte elvar, fint grønt gras og såg fjelltoppar i det fjerne. Innsjøen Kureevo var veldig fin, det såg litt ut som i Norge: høge fjell og fjord og snø hengjande nedover fjellsidene.

Rett før bygda Dmitrijevka såg me eit fint område ved elva Bija og bestemde oss for å campa der. Det var ein fiskar og ein bil med ungdomar der då me kom. Det var utroleg fint lys då sola gjekk ned, til og med regnboge. Elva Bija er den einaste elva som renner ut av Teletskoje-sjøen og saman med elva Katun dannar dei elva Ob. Katun startar frå isbreen Gebler (derfor har den grøn farge) ved Mt. Belukha som er Sibirs høgste fjelltopp (4 506 m.o.h.). Ifylgje legenda var Katun dottera til ein rik kjøpmann som forelska seg i den fattige gjetar Bija. Då dei skulle rømja vart dei til ei stor elv som var Ob og som i det lokale språkjet betyr kyss.

  

  

  

  

  

  

So no er me på veg til Altajfjella. Dei befinn seg i Altajrepublikken, ei av republikkane i Russland som grenser mot Kasakhstan, Mongolia og Kina. Naturen er veldig fin der, høge fjelltoppar dekka med is også om sommaren og djupe dalar. Gjennom Altaj går Tsjujskij trakt, veg M52, som går heilt til Mongolia. I denne republikken må ein ifylgje Lonely Planet registrera visum og det fungerer slik at den inviterande organisasjon må senda søknad til utlendingskontor i Gorno-Altajsk, hovudstaden i republikken, helst 3 dagar før den planlagde innreise og lista opp alle stadar ein vil besøkje. Dette virka gansje idiotisk og me registrerte ikkje visum. Og me hadde ikkje noko problem. Fleire russarar sa til oss at Altaj er jo i Den russiske føderasjonen og at me ikkje trong nokon ekstra registrering. Seinare fekk me vite at ein måtte registrera seg berre når ein ville bevege seg i grenseområdane.

Opphavleg hadde me planar om å reisa til Mongolia. No er me eit lite stykkje frå Gorno- Altajsk og derfrå er det 500 km til den mongolske grensa. No har me vore på tur i 1,5 månader og visumet gjeld i tre månader. So me er halvvegs. Me må koma oss til Vladivostok og forlate landet innan slutten av juli. Det er 6 000 km att og me har 1,5 månader til det. Me hadde sjølvsagt lyst til å køyra i Mongolia, men me måtte vurdera også andre ting. Den viktigaste var, som sagt, at visumet var gyldig framtil slutten av juli. Me har framleis ikkje byrja å tenkja på kva me gjer vidare når me kjem til Vladivostok. Om me skal skipa bilen over Stillehavet, vil me nok trengje litt tid til å ordna alle papira og då er det ein fordel å koma til Vladivostok litt før. I tillegg veit ein aldri kva som kan skje undervegs. Som til dømes vårt opphald i Jekaterinburg som me ikkje hadde planlagd til å vera så lenge. Og no har me framføre oss den verste vegen, den 2 100 kilometer lange Amur-traséen mydlo Chita og Khabarovsk som delar av framleis ikkje var ferdig i 2010. Det er også sant at viss me berre køyrer so går det fort, men det er ikkje derfor me er på tur. Me har lyst å ta det me ro, stoppa og sjå oss om. So for å ikkje komplisera det so bestemde me oss for å kutta ut Mongolia og berre køyra i Russland. Sidan me absolutt ville sjå Altaj, gjorde me eit kompromiss og sikta oss mot sjøen Teletskoje i den nordlege delen av Altajfjella.