Skip to content

Humpete vegar og bilverkstad

I dag sto me opp tidleg og køyrde av garde klokka sju. Trafikken på hovudvegen auka og fleire bilar passerte leiren vår i skogen. So me fann ut at det var best å koma seg vidare. Etter 3 timar kom me til byen Tver og hadde lyst til å sjå den. Men me høyrde ein løyen lyd i bilen, sjekka det, og oppdaga at festet til støytdemparane bak, eit stag mellom rammevangane, hadde løyst seg og måtte sveisast på, berre etter nokre få dagar på russiske vegar! Så det var berre å finna ein bilverkstad. Frå den fyrste verkstaden vart me sende til Autoservis Moskvitsj midt i eit bustadområde. Fyrst sa dei at det skulle ta lang tid å fiksa det, men dei sette i gang med ein gong og fiksa det på 3 timar. Mens me venta, tok me oss ein tur i nærområdet, kjøpte is og vatn og fant også ein minibank (det er så mange minibankar overalt at det ikkje er noko problem å ta ut pengar også i mindre byar). Klokka 15 var bilen ferdig og me betalte 3000 rublar (600 norske kroner eller 75 euro). Ungdomar som arbeidde på verkstaden var ikkje vane med å skru på gamle bilar, men heldigvis jobba ein eldre erfaren mann der som tok seg av bilen vår. Han køyrde ein tur til ein stålhandlar og skar til delane sjølv på verkstaden og sveiste dei på bilen. Etterpå tok han oss med inn på verkstaden og synte oss kva han hadde gjort. Me var så takksame for at han ordna det at me ville gje han tips, men det ville han ikkje ha.

Det var for seint til å utforske byen, so me køyrde videre. På ein Lukoil bensinstasjon fylte me diesel. Diesel var ganske billig i 2011. For 1 liter betalte me 24,97 rublar (ca. 5 norske kroner eller 0,62 euro). For 10 år sidan kosta diesel 13,94 kroner i Norge og 1,2 euro i Slovakia. Sidan me ikkje ville gjera fleire stopp, åt me middag på caféen ved bensinstasjonen. Denne gongen fekk me servert torsk og kjøt på fransk med pommes frites. Ikkje akkurat ei kulinarisk oppleving, men godt var det.

Turen gjekk vidare gjennom Klin og sørover på A108 til Borodino. Klin er kjent som heimen til komponisten Pjotr Tsjajkovskij og det var her han skapte sine berømte ballettar Tornerose og Nøtteknekkjaren. A108 er ytre ringveg rundt Moskva. Me var ikkje heilt klare for Moskva, me skulle fyrst til Borodino. Då måtte me komma oss inn på M1 og fann ut at M1 berre var skilta som Minskoe shosse sidan det var vegen til Minsk (hovudstaden i Kviterussland). Då me var på små vegar byrja me å leita etter overnatting. Det var mange små stader med utroleg mange innbyggjarar (me forventa nesten ingen der). Me køyrde fram og tilbake og gjennom heile slagfeltet i Borodino. Til slutt fann me ein plass på ei høgd skjerma med tre frå vegen. I byrjinga var me litt skeptiske sidan mange biler med høg musikk køyrde forbi, men etter kvart fann me oss til rette.

  

  

  

  

  

  

  

  

  

  

  

Korleis overnatta me i Russland?

Vår plan var å bruka teltet på taket av bilen så mykje som mogeleg. I Norge er det lov å campa nesten overalt (ifølge lova kan ein setje opp telt minst 150 meter frå eit hus eller på utmark), slik er det ikkje i for eksempel Slovakia. Det var ikkje så lett å campe i den vestlege delen av Russland sidan det var så tett med folk. Sjølv på stader me trudde var folketomme, var det høge blokker og heilt umogleg å finna ein stad å sova. Det ville nok vore enklare med ein bubil, men det er ei anna sak som deko får lesa om seinare. Me ville ikkje berre slå opp teltet kvar som helst, det var viktig at me følte oss trygge og kunne sova i fred. Etter denne regelen valde me også våre ”campingplassar”. Kanskje det med tryggleik var litt overdrive, for i Russland var det i utgangspunktet mogleg å stoppa kvar som helst, og folk brydde seg ikkje. Imidlertid prøvde me å stoppa slik at me ikkje plaga nokon. Ein gong seint på kvelden, når det var mørkt, stoppa med midt på ein åker, og klokka seks om morgonen høyrde me ein traktor rett ved sida av oss – sjølv om han såg på oss, og tenkte det var litt av ein plass å parkera, fortset han arbeidet sitt og sprøyta gift på bakkane. Han svinga berre rundt oss og me var ikkje til hinder for han 🙂

 

Som me alt har nemnt, må ein registrera seg regelmessig i Russland. For at me slapp å registrera oss hjå politiet brukte me hotell innimellom. I tillegg til registrering kunne me vaska oss skikkeleg, levera skittentøy til vask og samtidig oppleva atmosfæren på russiske hotell 🙂 For å gjera det heilt klart, så vaska me oss også når me ikkje budde på hotell 🙂 Me hadde vatn med oss, me oppsøkte innsjøar og elvar, og i verste fall hadde me også våtserviettar. Når det gjeld vask av kler, så var ikkje vanlege kler noko problem å vaske for hand i ei bøtta ein stad ved ei elv, men det var greitt å levere større ting, som for eksempel sengetøy, til hotellets vaskeri. Hotelltenestane varierte. Ein stad betalte me per stykk, andre stader for heile klesvasken. For eksempel på hotellet i Moskva ville dei ha 2500 rublar (500 kroner eller 60 euro!), mens i Kazan betalte me 50 rublar (10 kroner eller 1 euro) for nesten same mengd, som altså er 50 gonger mindre enn i Moskva. Me prøvde å bruka hotella så lite som mogleg, fordi dei var den største belastninga for budsjettet vårt.

  

  

  

  

Registreringskort på hotell

Registreringskort på hotell

Registreringskort på hotell