Skip to content

Kazan – Russlands mest internasjonale by

I går då me heldt på å bestilla hotellet til i dag hadde me ca. 16 minuttar på oss, så me berre valde eit hotell. Etter gårsdagens taxitur trudde me at hotellet låg i utkanten av byen. Men då me skulle gå til sentrum i dag, fann me ut at hotellet låg midt i sentrum, berre 10 minutt å gå til Tukaj-plassen, ein slags hovudplass (Gabdulla Tukaj var ein kjend poet frå Kazan, grunnleggjaren til moderne tatarsk litteratur og kritikaren til tsarregimet). Gjennom gågata (ul. Baumana) kom me til Kreml og gjekk til turistinformasjon. Me måtte sortera litt våre tankar, idear og planleggje turen vidare. So me sette oss på ein café, surfa litt på nettet, skreiv dagbok og observerte folk.

  

  

  

Turen gjekk så til den gamle tatarske busetnaden (Starotatarska sloboda) på høgre sida av Bulak-kanalen. Heile bydelen var ein stor ruin, gamle hus falt frå kvarandre, men nokre var fiksa. Til dømes ein fin moské. På enden av innsjøen Nizjnij Kaban er ei stor fontene og mange små som lyser om kvelden. Det er veldig fint der.

  

  

  

  

Kazan ligg ved Volga og er delt av kanalen Bulak som går til ein innsjø kor det er mange fine fontenar, teateret og universitetet til Tatarstan. Då me var i Samara skreiv me at Samarademningen strekkjer seg heilt til Kazan. Elva Kazanka munnar ut i  Samarademningen (eller Kujbysjevdemningen) ved Kreml i Kazan. Men det er ikkje berre kanalen som delar byen i to. Byen er også delt etter nasjonalitetar i den russiske og den tatarske delen. Tatarane, som er muslimar, kunne ikkje bygga moskéer i den russiske delen av Kazan og omvendt. Bortsett frå ein veldig fin moské då som står i Kreml. Den heiter Kul Sharif og me skal skriva om den i morgon. Sidan Kazan ligg på Volga og er ei blanding av både europeisk og asiatisk innflytelse, vert den kalla for „Istanbul på Volga”.

  

  

  

  

  

  

  

På vegen tilbake til sentrum stoppa me på Sentralmarknaden, ein klassisk marknad og torg der dei selde alt ein måtte ynskje seg. I gågata vart me jaga inn i ein café eigd av egyptarar. Me snakka med eigaren ein stund og han prøvde å selja det meste til oss. Han prøvde seg på vannpipe og parfyme som han lagde sjølv, så me kjøpte ei lita flaske med parfyme som likna veldig på den Ivana hadde. Med på kjøpet fekk me papyrus med bilete av Kleopatra. Det var på tide å eta igjen så me bestilte sjasjlik og drakk lokal øl. I gågata var det masse liv og folk og me hadde god oversikt over det som skjedde. I tillegg til å observera folk, har me no i snart ein månad observert det meste og samanlikna det med det me er vane me heimanfrå. Me trur me kjem til å skriva eit heilt avsnitt om toaletta seinare, men no kan me konstatera at standarden på offentlege toaletta varierer kraftig. På nokre er det verken dopapir eller såpe, mens på mange stader er det perfekt (dopapir, såpe, tørkle, til og med av merket Tork).

Av og til lurer me også på kva for eit land me er i og kva språk me skal snakke. Spesielt i store byar er forskjellane mydlo Vest-Europa og Russland veldig små. Her i Kazan er det veldig mange som snakkar engelsk. Dei har også eit turistkontor her med engelsktalande folk, som visst var eit av dei fyrste turistkontora i heile landet. Kazan skil seg ut frå dei andre russiske byane på mange måtar. Som me alt har nemnt så er det fleire nasjonalitetar i byen som bur ved sida av kvarandre utan problem, det er kulturell og religiøs mangfald i byen. Det er heller ikkje så mange tilsette på cafèar her som elles i Russland. Kazan er visst den beste adressa for forretningar i Russland, også for utlendingar. Olja bidrar mykje til at Tatarstans økonomi er er blant dei mest utvikla i Russland.