Skip to content

Varme kjelder i Banff og Lake Louise

Etter ei natt med rare lyder (Geir høyrde ingjenting, han sov som ein stein) trykte me ei skjeva i oss og køyrde til Upper Hot Springs for å bada. Dei opna ikkje før 09:00, men likevel var det ein god del folk der då me kom 08:30. Vatnet hadde 39 varmegradar og etter ein halv time byrja det å verta ubehageleg. Bassengjet var veldig lite og nokre folk bada til og med i t-skjorte. Frå bassengjet på 1 585 m.o.h var det fin utsikt inn i dalen og på fjelltoppen Mount Rundle.

Totalt finst det ni naturlege kjelder rundt Banff som inneheld svovel og minerala. Banff Upper Hot Springs er ein av to som har vore utvikla til kommersiell bruk. Opphavleg var det urbefolkninga som brukte desse, men alt endra seg i 1883 då arbeidarane på den transcanadiske jernbana oppdaga Banff Upper Hot Springs. Nasjonalparken Banff vart oppretta og varme kjelder skulle utviklast til bruk for europeiske turistar. Byggjing av infrastrukturen fylgde etter og i 1915 var vegen opp til Upper Hot Springs opna. I 1912 byrja dei å fylle og selje detta helbredande vatn på flaske. Med ferdigstilling av jernbana kom det endå fleire turistar og i dag kjem det ca. 300 000 turistar årleg hit.

  

  

På ettermiddagen var me klare til å setje oss i bilen og køyra nordover mot Lake Louise. Me tok ikkje motorvegen, men Bow Valley Parkway (1A) som visst skal vera finare, men det var berre skog og skilt om å køyra sakte grunna dyr i skogjen. Langs vegen stod det store skilt med både ulv og bjørn på. Me kjøyrde forbi Johnston Canyon med to fossar og kryssa highwayen før me kom til Lake Louise. På Trailer Campground var det fult, men me fekk lov å tøma kloakkjen, fylle på vatn og hiva bos. Nokre stader er det overflow camping, det vil seia ein stor parkeringsplass der bubilar kan stå viss det er fult på campingplassar i området. Det er gratis og det er ikkje noko anna der enn toalett. På ein slek overflow camping stod me i natt. Den var 6 kilometer frå Lake Louise i retning Banff og fylde seg opp etter kvart.

  

  

  

Lake Louise er både ei bygd og ein innsjø. Innsjøen ligg ca. 4 kilometer frå bygda og det er gode fasilitetar der som stor parkering og toaletta. Det tyder òg på at det er mykje folk der. Innsjøen ligg på ca. 1 500 m.o.h. og har smaragdgrøn farge på grunn av smeltevatn frå isbreane som renn inn i innsjøen. Denne staden er utgangspunktet for populære aktivitetar som vandring, fjellklatring, turar til isbreen Victoria Glacier på 3 500 m.o.h., padling på vatnet eller skiturar om vinteren. Rett ved vatnet står eit stort luksushotell Fairmont Chateau Lake Louise såkalla jernbanehotell fordi det var bygd av Canadian Pacific Railway, same som hotellet i Banff. Innsjøen heitte Lake of the Little Fishes fram til 1884, men fekk seinare navn etter prinsesse Louise Caroline Alberta, dottera til dronning Victoria. Ho var gift med Canadas generalguvernør John Campbell. Provinsen Alberta er også oppkalla etter ho.