Skip to content

Listvjanka, omul og nerpa

I går hadde me avtalt frukost kl. 9. Det var kona til Andrej som laga den. Ho serverte speilegg, steikt pota og brød og det var kjempegodt. Sidan han meinte han hadde fengje so mangje gåver i går, ville han ikkje at me skulle betala for noko anna enn frukost. Me spurde om museet og ein retropark som skulle vera i Listvjanka og Andrej sa han kunne køyra oss dit. Dottera hans, som hjelper til i fameliebedrifta, sat på med oss og gjekk av ved huset deirans. Det var mildt sagt eit slott som han hadde bygd sjølv av 18 000 kilo leire og hadde garasje til 3 bilar. Vidare køyrde me til ein kompis av han som driv med hundesledar. Han har 45 hundar, huskyar frå Kamtsjatka og Alaska, til og med Tsjekkia, og nokre var blanda. Me gjekk ein tur og såg på alle hundane, dei slappa av på plassane sine ved huset. Han vann 1. plass i 2008 i eit løp i Karelia. Han inviterte oss inn for å vise ein kort film frå når han køyrer turistar med hundane over den frosne Bajkalsjøen. Kona hans laga te til oss og me fekk nokre brosjyrar. Etterpå køyrde me til Retroparken. Det var ein del gamle bilar, motorsyklar av merkje Ural og gamalt skrot som dei hadde lagd figurar av. Dei tok ikkje inngangspengar, men dei hadde ei kasse til „restaurering“.

  

  

  

  

  

  

  

  

I Bajkalsjøen lever 2 600 sortar dyr og planter og 80 % av desse finn ein ikkje andre stader i verda.

Eksempelet er ferskvatnsfisken omul eller bajkalomul. Den er av laksefamelien og finst berre i Bajkalsjøen. Omul er veldig populær på grunn av det smakfulle kjøtet. I Bajkal er den det viktigaste levebrødet, utgjer 2/3 av all fangst og vert også eksportert. Den ukontrollerte fangsten førte til at den i 2004 vart erklært for trua art og i dag er fangsten begrensa. På 1940-talet vart det til og med bygd ein gulag på øya Olkhon for å fiske omul. Den seljast røykt, turka eller salta, og det er verkjeleg ei delikatesse.

Eit anna verdifullt dyr i Bajkal er bajkalsel, på lokalspråkje nerpa. Det er verdas einaste type ferskvatnssel. Det er ein av dei minste typar selar, ca. 110 cm lang og veg 75 kilo. Den lever opp til 56 år. Den har grå eller svart pels, veldig sjeldan brun. Den kan dykka ned i 300 meter og vera under vatnet opptil 70 minuttar. Evenkere fanga han alt for 4 500 år sidan. Seinare fanga dei selen for verdifull pels, i dag er han ikkje ein truga art. I Listvjanka har dei eit akvarium med selar som viser triks dei har lært. To av dei er fanga i eit bur og to andre framfører diverse akrobatiske øvingar. Dei var veldresserte og gjorde alt mogleg frå å dansa til å kasta ball i korg. Heile showet varte i ein halv time, og me kunne ikkje ta bilete sjølv om me hadde betalt for det. Seinare fann me ut at me hadde betalt for å ta bilete saman med selane etter showet.

På Bajkalmuseet, eller meir fagleg Det limnologiske museet oppretta i 1927, handlar alt om Bajkal. Det greske ordet limne betyr innsjø og limnologer forskar på ferskvatn (bekkjer, elvar, dammar, innsjøar). I tillegg til eit akvarium med fisk frå Bajkal og utstilling om forsking av sjøbotnen i Bajkal frå 1970-åra til i dag, kan ein lesa fakta om Bajkalsjøen, flora, fauna, oppdagingar og mykje meir.

  

  

  

  

Frå Listvjanka køyrde me mot Irkutsk. Me hadde reservert eit hotell på nettet, men då me kom fram, fann me ut at dei hadde rota vekk bestillinga vår, hadde ikkje eit rom til oss og hotellet låg i eit lugubert område og utan moglegheit til parkering. Me ville ikkje bu der so me prøvde å finna ein ny stad å bu, men det var ikkje lett. Slitne etter ein heil dag sjekka me inn på Hotel Angara, eit gigantisk hotell på ein stor plass. Det var eit gamalt, men nyoppussa hotell. Dei hadde berre rom for 5000 rublar att som me syntest var dyrt, men for å sleppa å leita etter eit nytt hotell bestemde me oss for å ta det. Det tok veldig lang tid å sjekka inn, i tillegg måtte me betala kvar for oss sjølv om me budde i same rom. Senger var enkle med fjør i, såkalla russisk seng. Internett fungerte ikkje. Parkering bak hotellet var trygg og kosta 20 rublar/time. I gangen sat ei dezjurnaja og passa på. Standarden var ikkje so veldig høg og rommet var i alle fall ikkje verdt so mykje pengar. Men nok klaging, det kjem til å visa seg at det kan vera mykje verre. Fyrst på hotellet fekk me smaka omul som me hadde kjøpt i Listvjanka og den var kjempegod. Me gler oss også til matpakka i morgon. Skikkjeleg slitne la me oss i dei „mjuke“ sengjene 😊