Skip to content

Innsjøar forma som fingrar

Finger Lakes er ei gruppe av 11 lange smale innsjøar ved sido av kvarandre som ser ut som fingrar på ei hand. Den lengste og djupaste av dei er Seneca Lake (61 km lang og 188 m djup). Dei vart laga av ein isbre for to millionar år tilbake. Me skulle sjå på den eine fingjen, Lake Canandaigua, som me fekk anbefalt av dei lokale. Det regna då me kom dit og folk sat i bilane sine og gjekk ikkje ut ein gong. Me rusla litt på kaien, såg på båtar og vatnet. Ifylgje ei irokesisk legende (irokesar er innfødde amerikanarar) vart Finger Lakes laga av handtrykkjet til Gud. Det er interessant å tenkja på at indianarar som ikkje hadde moglegheit å sjå innsjøane ovanfrå, kalla dei etter forma deira.

Området rundt Finger Lakes er største vinprodusent i staten New York. Innsjøane skapar eit godt klima for druer på alle årstider. Det er meir enn 400 vingardar i dette området, og mangjen av dei er opne for folk i dag. Vinelskarar veit at det arrangerast internasjonal vinkonkurranse i Finger Lakes kvart år. Visste deko at vinprodusentar frå Slovakia har vore med mangjen gongjer og vunne gullmedaljar mangjen gongjer? 😊

  

  

  

  

  

  

  

  

Me held oss til veg 20, den koselege og rolege vegen. I Seneca Falls handla me mat og køyrde likevel på ein større veg sidan me hadde mange kilometer framføre oss. Seneca Falls er kjend som fødestaden til kvinnerettsbevegelse der det i 1848 vart underskrive ein konvensjon som blant anna krevde innføring av stemmerett for kvinner.

Litt forbi Seneca Falls ligg Auburn der William H. Seward budde. Han var ein sterk motstandar av slaveri, utanriksminister under presidentane Abraham Lincoln og Andrew Johnson, og det var også han som forhandla kjøp av Alaska frå Russland i 1867.

Vidare køyrte me mot Albany, hovudstaden i N.Y. Byen vart grunnlagd i 1609 av nederlandske handelsmenn som dreiv med pelshandel. I 1820-1830 vart byen eit viktig handelssentrum takka vera Eriekanalen og jernbane. Gjønom byen renn elva Hudson som munnar ut i Atlanterhavet ved Manhattan.

  

Nord for Albany kopla me oss på veg 7 mot Vermont. Vermont er ein av USAs minste delstatar både i areal (24 923 km2) og befolkning (643 000). Den ligg nordaust i landet i New England-området og grenser også mot Canada. Vermont tyder grøne fjell på fransk (verts monts) og kallast the Green Mountain State. Fjellkjedo Green Mountains strekkjer seg gjøno heile staten og elva Connecticut renn aust i staten og dannar naturleg grense mot New Hamsphire. I 1763 sa franskmenn frå seg retten til området og i 1776 var Vermont innlemma i USA som stat nummer 14, rett etter dei 13 opphavlege statar. Grunnlova til Vermont var den fyrste i USA som forbaud slaveri. Burlington er Vermonts største by, mens Montpelier er statens hovudstad, faktisk den minst befolka hovudstad i USA med berre 7 500 innbyggjarar. Det er plakatforbod langs vegar i Vermont.