Skip to content

Kemerovo og Kuzbass

I dag vakna me kl. 06:30 av at ein traktor køyrde rett forbi oss og sprøyta bakkane. Han brydde seg ikkje så mykje om oss, men me sto opp og reiste derifrå. Me stoppa på ein rasteplass og lagde oss frukost. Geir nytta høve til å barbere seg.

  

  

  

Klokka 10 var me i Kemerovo. Både Novokuznetsk og Kemerovo er visst kjedelege industribyar. Men sentrum i begge byane var ganske fint. I Kemerovo parkerte me ved sida av filharmoniet og ei lita koseleg kyrkje. På den store plassen Pl. Sovjetov har dei ei stor statue av Lenin omringa av administrasjonsbygningar som kommunehuset og postkontor. På utsida av postkontoret hadde dei ein stor temperaturmålar som synte temperaturen ute.

Me spaserte vidare bort til teateret og i ein lang allé ned til elva Tom. I alléen stod eit monument av A. Leonov, det fyrste menneskje som gjennomførde romvandring i 1965, og ein del plakettar til viktige personar (helter) i byen, eit krigsminnesmerke med flamme og krigsmuseum heilt nede ved elva. På andre sida av elva ruver store bokstavar Kuzbass i Hollywood-stil.

Kemerovo har forresten Russlands beste lag i bandy, også kvinneleg lag, og arrangerte VM i bandy i 2007. Bandy er mest utbredd i Russland og Norden. I Slovakia vart den spelt fram til 1928 då ishockey overtok.

  

  

  

  

  

  

  

  

Me kom oss ut av byen etter kvart og køyrde mot Krasnojarsk. Det var ein del vegarbeid og venting på jernbaneovergangane. Me fylte diesel og kjøpte mat på ein butikk der dei berre hadde kuleramme. Middagen lagde me ved vegen mens me venta i kø 😊 På vegen passerte me Atsjinsk der dei har ein svær fabrikk som spyttar ut masse røyk. Me ville ikkje sova der so me køyrde litt til. Etter 500 kilometer og 8,5 timar på vegen var me klare til å stoppa og slappe litt av.