Skip to content

Sykkeltur i Stanley Park

I dag kom me oss til byen rett etter frukosten. Me leigde syklar og sykla rundt Stanley Park som ligg på ei halvøy. Sykkelruta var nesten 9 kilometer lang, me gjorde mangjen stopp og sykla heile dagjen. Fyrste stoppet var Totem Poles, totemer typiske for indianarar frå Britisk Columbia. Vidare runda me utsiktspunktet Hallelujah Point og Nine O`Clock Gun og såg på båtar i byhavna, både dei som frakta passasjerar frå downtown til North Vancouver og dei som var fullasta og kanskje på veg til Korea. Neste pause hadde med ved statue av den vetle havfrua på steinen (Girl in Wetsuit Statue) som likna på systo si i København. So sykla me under brua Lions Gate Bridge til utstiktspunktet Prospect Point. Me heldt oss til stien nede ved vatnet, den var fint laga til rundt heile halvøya. Me såg folk sole seg og bade på strender sjølv om det berre var rundt 20°C. På sykkelstien var det reglar: syklistar og rulleskøytarar skulle bruke den eine fila, mens gåande den andre. Forbi badeplassen på Second Beach kom me til bolegområde. Det var fine plenar, blomar, palmar og statuar. Denman St. er ei gansje livleg gate med mykje folk. Vidare sykla me mot English Bay Beach og Sunset Beach, Burrard St. Bridge og Granville St. Bridge som går over til Granville Island, ei stilig øy med mange designarbutikkar og uteplassar. So sykla me gjønom parkane George Wainborn Park og David Lam Park og avslutta turen i Coopers Park. Me leverte syklar og tilbake til sentrum gjekk me på ei roleg gate der me såg alt frå bolegblokkar, eineboligar og høge skyskraparar. Fyrst var det ein roleg tur oppover bakkjen, so nedover. Det er mangjen bratte bakkar i byen, litt som på ei berg-og-dal-bane. Det minnar oss om Khabarovsk aust i Russland.