Skip to content

Våre venner politimenn

I Tsjita var me på to musear. På Kuznetsov regional museum såg me ei utstilling om dyr i området som amursk tiger og leopard, 120-års jubileum til besøkjet til Nikolai II. i Zabajkalje-regionen og ei historisk utstilling. På Dekabristmuseet som er plassert i ei kyrkje frå 1771 såg me bilete, kart og ymse gjenstandar som høyrde til dei fordrivne dekabristene som hamna i Tsjita.

Før me køyrde ut av byen handla me mat på ein butikk med godt utval, dei hadde til og med Vossvatn (som eigentleg ikkje er frå Voss). Kassadamo vart irritert då me ville kjøpa ungarsk pylsa som ikkje hadde fått ein prislapp.

  

  

  

  

  

  

  

  

No er me på veg mot Khabarovsk på den nye vegen Amurtrassa som me ikkje veit om er ferdig eller ikkje. Rett etter byen byrja kraftig stigning og motoren gjekk seg varm. Me visste ikkje ein gong om me kom til neste by. Men kva for ein by var eigentleg den neste? Den næraste store byen kor dei kunne hjelpe oss var Khabarovsk 2 000 km herifrå. I denne tilstanden vart me stoppa av politiet som ville sjå forsikringa vår sidan dei såg at me hadde alt anna i orden. Dei spekulera berre sånn at dei kan gje bøter eller få bestikkelsar. Forsikringa var i orden også. Grønt kort var på norsk og dei klaga på at dei ikkje kunne lesa det. Ingjenting var bra nok for dei, me hadde rett og slett ikkje ei russisk forsikring. Me måtte berre parkera bilen på vegkanten og vera med inn i politihuset. Han kunne ikkje lesa norsk grønt kort og sa til oss: „sjå her, eg kan ikkje norsk, heller ikkje engelsk, men eg snakkar russisk, burjatisk og mongolsk“. På baksido av forsikringa står jo kontaktadressa til forsikringsselskapet i Russland som utsteder grønt kort. Russland vart med i dette samarbeidet til EU eit par år før vår reise, men i Tsjita som er nærmare Mongolia og Kina enn Europa veit dei ikkje mykje om det. Men kva hadde det hjelpt oss viss dei hadde ringt til Moskva då? Hjå oss var klokka 12 og i Moskva var ho 6 om morgonen. Politimennene sendte oss ut for å venta der medan dei vurderte kva dei skulle gjera med oss. Me fekk beskjed om å venta til dei ropte på oss att. Det sat langt inne, dei ville ikkje gje seg, men til slutt innsåg dei at dei ikkje kunne gjera noko likevel. Når Boris, vår hovudpolitimann, forstod at det ikkje vart nokon bestikkelsar på han, tok han fram ein smartphone og viste bilete av kåno si og ungane sine. Me spurde om vegen vidare, om det var bjødn der som me hadde lese om og han svarte og prata i veg. Han fortalde om alt frå russiske vegar, bjødn i skog og buddhisme til Putin som hadde køyrd forbi der. Geir gjekk bort i bilen for å henta kortet vårt og solbriller som dei fekk. Til gjengjeld fekk me ei flaske iskaldt boblevatn frå Bajkal som passa godt i den varmen. Dei ville ikkje sleppa oss før me tok bilete med dei utanfor politistasjonen 😊 Boris og Anatolij ynskte oss god tur og gjekk tilbake for å fiska nye bilar. Det viste seg at GIBDD (politiet) hadde 75 årsjubileum i dag og nokre sjåførar ropte „gratulera“ ut av vindauget. Politiet er utroleg sympatiske og hjelpsame i Russland. Langt frå det me fekk fortald og vart advart mot før avreise 😊

Diesel fylte me litt ofte her sidan det var store avstandar og det budde lite folk her. Diesel har sidan Ulan-Ude vore so utruleg dyr, heilt opp i 29 rublar per liter. Etter 537 km og 7 timar på vegen i dag stoppa me på ein rasteplass med kafé og overnattingsmoglegheiter. Me parkerte innanfor gjerdet og fekk dusja for 100 rublar kvar. Det var godt i denne varmen.