Skip to content

Grottesystem Luray Caverns

Grotto Luray Cave vart oppdaga i 1878. Seinare vart det oppdaga eit heilt system med grotter, det største grottesystemet i det austlege USA, og navnet vart endra til Luray Caverns. Temperaturen i grotto held seg på 13 grader heile året og luftfuktihgeiten er høg. Grotto er fudl av steinformasjonar og fint utsmykka med dryppsteinar: stalagtitter veks nedover frå takjet og stalagmitter veks opp frå golvet. I „kyrkjo“ har det vore arrangert 450 brudlaup. Ein attraksjon er the Great Stalacpipe Organ, det største musikkinstrumentet i verda som lagar lyder ved at ein strikk/pinne bankar på stalaktitten. Instrumentet befinn seg i kyrkjerommet som er 42 meter høgt og 91×152 meter stort. Då me kom til siste delen av omvisinga, sa guiden at ingjen måtte ta på speileggjet fordi det var verdifult og veldig gamalt. Deko trur vel ikkje på at Geir tok på det då han gjekk forbi 😊

  

  

  

  

Frå grotto køyrte me mot hovudstaden. Me ville eigentleg unngå den og ta ringvegen rundt byen, men dei bygde nye vegar og det gjekk ikkje an å ta av, so me havna midt i den verste rushtrafikken og sat i kø i fleire timar. På campingjen i Millersville innkvarterte me oss i ei hytte sidan det skulle vera kjempekaldt, regna mykje og me skal byrja å rydde i bilen og førebu den til transport heim.