Skip to content

Med ferjo til North Vancouver

I dag var situasjonen framleis anspent. Me hadde ikkje høyrt noko om bilen vår og Geir ville sende den vidare til Norge viss ikkje tollvesenet klarde å gje beskjed snart! Seinare på dagjen skreiv Monique at Hyundai som frakta bilen vår måtte få originalen av transportdokumenta (Bill of Lading) og at bilen kunne hentast på fredag eller laurdag. Det var ikkje meir å gjera med det, so me gjekk ein tur ut.

  

  

  

North Vancouver er ein eigen by sjølv om det ofte oppfattast som utkant av Vancouver. Byen har bru- og ferjeforbindelse til Vancouver. Den eine brua, Lions Gate Bridge, sykla me under i går då me var på sykkeltur i Stanley Park. Me tok ferjo Seabus over byfjorden Burrard Inlet. Båten tok ca. 10 minutt og det var med mykje folk om bord. På Lonsdale Quay gjekk me av, kjøpte oss lunsj og åt den ute med utsikt til skyskrapare og kranar i Vancouver. Hovudgata Lonsdale Avenue startar her på kaien og fortsetjer nordover der den møter Highway 1, den transkanadiske motorvegen. Det var roleg i North Vancouver, me gjekk ein tur nordover i byen, spaserte forbi eineboligar og bolegblokkar og kom tilbake til kaien gjønom Waterfront Park.

  

  

  

  

Tilbake i Vancouver Downtown gjekk me på Canada Place, men det var ikkje mykje å sjå på. Det er eit kongressenter, handelssenter og hotell. Under OL i 2010 var det hovudpressesenter. Det er også hovudterminal for cruiseskippassasjerar i regionen og her startar cruise til Alaska. På bakkjen utanfor er det skreve alle provinsar i Canada og nokre byar. Takjet på bygninga liknar på seglet til ein båt.