Skip to content

På vegen til Big Sur

I dag tar me farvel med San Francisco. Etter 4 dagar med utforsking av byen er me klare til å flytta på oss og utforska nye plassar. Me pakkar våre ting og køyrar sørover. Me har køyrd over Golden Gate Bridge fleire gongjer, men no skal me køyra med vår eigen bil. Det er masse trafikk i alle køyrefelt og me betalar 6 dollar på ein bompengestasjon ved utkøyrselen til brua. Frå brua køyrde me gjønom byen, men ikkje sentrum, meir på utkanten av byen. Det er eit enormt nettverk med vegar rundt San Francisco og California er visst delstaten i USA med best utvikla vegnett. Det er motorvegar i fleire etasjar oppå kvarandre, avanserte avkøyrslar og plass til veldig mangjen bilar på vegen. Amerikanarar er vane med å køyra bil overalt, både til jobb og fritidsaktivitetar, og derfor sit dei ofte i lange køar.

  

  

  

  

Me fylgje den rolegare veg 1 til Santa Cruz som tok oss cirka 2,5 timar. Der åt me lunsj og Geir sa at det var den beste hamburgaren han har ete. Før Santa Cruz vart me stoppa av politiet (Highway Patrol). Politimannen hadde ikkje sett so løye skilt og ville berre vita kor me var ifrå, om me hadde vognkort og forsikring. Han sa at me måtte rekna med å verta stoppa fleire gonger sidan det ikkje er vanleg å ta med seg utanlandske bilar til USA.

Frå Santa Cruz køyrde me sørover til Monterey som ein gong i tida var Californias hovudstad. I det historiske senteret var det nokre gamle bygningar og ein del koselege kaféar. I havna var det masse båtar og samling av gamle bilar som Geir ville sjå på. I Monterey Bay budde forfattaren John Steinbeck, han var fødd og begravd i Salinas aust for Monterey. Monterey Bay er kjend for dyrking av 85% av nasjonens artisjokkar og i nabobyen Castroville har dei ei statue av verdas største artisjokk. Der arrangerar dei også den årlege artisjokkfestival og i 1947 var det Marilyn Monroe som vart „Miss Artichoke“. I Carmel, der skodespelaren Clint Eastwood eig ein ranch, handla me mat på ein butikk og køyrde vidare.

  

  

  

  

Spanjolar og meksikanarar oppdaga mangjen av plassane mydlo San Diego og San Francisco og gav namn også til vegen som i dag er US-101, opphavleg El Camino Real eller Kongevegen på godt norsk. Me køyrar no Hwy 1 som vart ferdig bygd i 1937 og på denne strekninga er det bratte klipper og havet rett ned. Vegen er svingete og smal og ofte stengt pga. vinterstormar. I 1983 var den stengt i eitt heilt år. Snart kjem me til Big Sur som visst er ein av dei finaste plassane på kysten og heile jorda! Namnet kjem frå spansk El País Grande del Sur og tyder The Big Country of the South, altså det store landet i sør. Det var kaldt og mykje skodda på kysten og heilt umogleg å finna campingplass. So me berre stoppa langs vegen under eit stort tre og sov alle tre oppi teltet sidan det var vanskjeleg å slo opp telt på bakkjen. Me åt ute og heldt ut ei god stund, men etter kvart vart det ganskje kaldt so det var berre å ta kvelden.