Skip to content

Velkomen til Los Angeles

Det var alt 23 °C då me reiste frå campingjen i dag tidleg. Det tok oss 1,5 time å køyre til downtown LA, altså sentrum av Los Angeles. Los Angeles er ein utstrekt by med breie avenyar og store parkar, og sjølve sentrum er ikkje so godt utvikla som i andre byar. Det består stort sett av kontor- og bankbygg. Og det gjekk ikkje an å ikkje leggja merke til. Me parkerte på ein vokta parkering for 5 $ for heile dagjen og bevegde oss mot Broadway. Der er det mange teater, historiske bygningar som til dømes offentleg bibliotek og mange second hand og vintage butikkar. Grand Central Market er vel også ein attraksjon, men fyrst og fremst ein marknadshall der dei sel delikatessa frå heile verda.

So fortsette me til Little Tokyo, eit lite stykkje Japan med caféar, restaurantar og butikkar. Nasjonalmuseet Japanese American National Museum og monumentet Go For Broke står til minne om alle japanske amerikanar som kjempa i andre verdskrig for USA. Go for Broke var motto til amerikanske soldatar av japansk opphav som etter bombeangrep på Pearl Harbor 07.12.1941 vart sett på med mistru av den amerikanske befolkninga. Dei var andregenerasjonsinnvandrarar, fødd i USA og amerikanske statsborgarar. Deira foreldre hadde budd i USA i fleire tiår og var godt integrerte. Desse soldatar ofra like mykje som deira amerikanske kollegar, men likevel vart dei behandla med mistillit og frykt. Til tross for det, eller kanskje på grunn av det, var dei fast bestemte på å bevisa at dei var lojale mot den amerikanske hæren. President Harry Truman sa at dei ikkje berre kjempa mot fienden, men også mot fordommar og dei vann den kampen.

  

  

  

  

  

  

  

  

Me fortsette vidare forbi rådhuset frå 1928 og fleire blokker med domstolar og under ein kjempestor motorveg kom me til den eldste bydelen El Pueblo de Los Angeles. Dette var byens sentrum under både spansk, meksikansk og amerikansk styre, og er i dag ein nasjonal historisk stad. Pueblo betyr by på spansk og det opphavlege namnet til byen var El Pueblo de la Reyna de Los Angeles som tyder byen til englanes dronning. Los Angeles forkortast ofte til LA og byens fulle namn er City of Los Angeles.

I den nærliggjande Chinatown åt me på ein sjømatrestaurant der servitøren prøvde å overtala oss til å bestille maten som „dei fleste likar“ eller som „er betre enn dei andre“. Me lot oss ikkje påverka og bestilte det me hadde lyst på. Dagens Chinatown var bygd i 1938, men den gamle kinesiske byen var mykje eldre, men måtte vika unna for togstasjonen Union Station. Der snudde me og gjekk sakte tilbake til bilen. På vegen stoppa me og såg på den katolske katedralen Cathedral of Our Lady of the Angels, ein moderne bygning frå 2002 som erstatta den forrige kyrkje som vart øydelagd av jordskjelv i 1994. Katedralen er også hovudsete for erkebiskop av Los Angeles. Vidare passerte me konserthuset Walt Disney Concert Hall som husar det filharmoniske orkesteret i LA og har plass til over 2000 tilskodarar. Enka til Walt Disney donerte 50 millionar dollar til bygging av konserthuset som opna i 2003. Då me gjekk forbi var det noko som føregjekk der, dei filma eit brudlaup og ein mann på hest.

  

  

  

  

Etter å ha vandra i LA ein heil dag var me klare for å køyra heim. Heimen var same campingjen som sist natt fordi me ikkje orka å styre med å finna ein ny camping. Dei er som oftast fulle jo nærmare ein kjem store byar. Og Los Angeles er verkjeleg ein stor by. Det er Californias største by og USAs nest største by etter New York. Den har eit areal på 1214 km2, litt større enn Moskva, og strekkjer seg 150 km frå vest til aust og 75 km frå nord til sør. Det bur rundt 4 millionar menneskje der og saman med forstader 18 millionar. Los Angeles er multikulturell med menneskje frå 140 land. Sidan det berre er 200 kilometer til den meksikanske grenso er ein stor andel av befolkninga frå Mexico og Latin-Amerika.

Å vera ein stor by med mangjen innbyggjarar og eit industrisenter ber med seg utfordringar. Den fyrste er vatn. Som i resten av Sør- og Sentral-California er område rundt Los Angeles turt. Etterspørsel etter vatn er stor og 3/4 av vatnet må fraktast via akvadukt frå fleire kjelder, til dømes Colorado River Aqueduct frå i 1939. Sidan fleire folk flyttar til området, er forsyning med vatn eit seriøst problem.

Den andre store utfordringa er forureining. Den kjem både frå den enorme industrien rundt byen og frå bilar. Byen er omringa av fjell som ofte held smogen over byen i fleire dagar, til og med veker. Los Angeles-området har eit av verdas mest omfattande motorvegsystem, men sidan all trafikk førgår med personbilar, har dei store problem med trafikk og køar. Byen er også endestasjon til tre transkontinentale jernbanelinjer, fleire motorvegar og har også betydeleg lufttrafikk.