Skip to content

Køyretur gjennom Mordovia og bot

Då me la oss i går, hadde me ikkje peiling på at me skulle vakna attmed ein kyrkjegard. Me starta halv sju utan frukost. Me var rett utanfor byen Saransk og politiet sto nesten på kvart hjørna. På eit slikt hjørna vart me stoppa og sidan me ikkje forstod kva gale me hadde gjort, måtte Geir vera med til politibilen. Han tok med seg papira, men dei var ikkje interessert i dei. Dei viste han film på PC av bilen i 97 km/t i 60-sone og ein tabell med bøter. For ei overskriding  av denne storleik må ein betala 300 rublar eller 50 kroner. Geir hadde berre ein 500-lapp og sa dei kunne behalde resten. I Norge hadde han mista lappen so han betalte 40 kroner ekstra med glede. I Russland har ein to val når ein får bot. Enten betaler ein på staden eller på posten. Me hadde sjølvsagt ikkje lyst til å gå på posten og i tillegg var det ikkje noko å diskutera sidan det var tatt opp på film. Sjølv om me var i eit avsidesliggjande område, hadde dei tipptopp utsyr. Det var ein annan politibil som filma oss og dei sendte det truleg på nett til dei som stoppa oss. Politiet står på strategisk gode plassar. I vårt tilfelle venta dei på oss på enden av ein nedoverbakke med nyasfaltert fin veg der me kom rullande 😊

  

  

  

No er me kome til Mordovia. Det er ein av 21 republikkar i Russland, har rundt 800 000 innbyggjarar som mordvinere utgjer ca. 32% av. Mordvinere er den største finsk-ugriske folkegruppa i Russland busett mydlo elvane Volga og Oka. Saransk er hovudstaden i Mordovia.

Vårt neste stopp er byen Saratov. Det var ein fin by, med ein promenade ved elva, ei lang gågate og marknad. På museet har dei utstillingar om både Gagarin som studerte og budde i byen, og volgatyskarane. Me leita lenge etter ein trygg parkeringsplass og til slutt køyrde me ned til elva kor me gjekk langs promenaden og fann oss ein stad å eta. Me bestilte kylling- og soppsuppa, fisk innbakt med pota og ost (sudak) og potekake med biff stroganoff. Alt var veldig godt.

I denne byen tok me nok litt feil med trafikken og størrelsen på byen (byen har meir enn 1 million innbyggjarar). Det var eit helvete å kome seg ut av byen. Dette var den verste byen hittil i Russland når det gjeld køyring: byen er utruleg kaotisk bygd opp, smale og einvegskøyrde gater, ikkje eitt einaste skilt korkje til Volgograd eller Moskva, og i tillegg var det glovarmt. Eit mareritt. Me sirkla i byen i 1,5 time før me måtte spørja om hjelp – ein snill mann teikna til oss kor me skulle køyra (me forstod til og med alt han sa) 😊

  

  

  

  

  

  

Endeleg på veg mot Volgograd køyrde me i 2,5 timer før me fann oss ein fin campingstad. På staden var det rikeleg med mygg, so me spraya på oss litt gift. Veret er no kjempefint, det har vore 24 grader i to dagar. Klokka er berre 21 og det er framleis lyst, men det vert godt å leggja seg oppi sengje vår. Dette var ein lang dag i bilen: 11 timar og 572 km.