Skip to content

Russlands eldste by

I dag er det på tide å koma seg vidare. Me har fyrebels berre vore i store byar, faktisk tre hovudstader og snart skal me besøkje ein til hovudstad. St. Petersburg var vår fyrste by i Russland og det har vore mykje sightseeing, caféar og restaurantar. No gler me oss til å sova i telt og laga oss mat i bilen.

Dagens plan er Velikij Novgorod, ca. 3 timars køyring frå St. Petersburg. Det var meldt 22 varmegrader og sol på oss, det var godt etter nokre kalde dagar. Me parkerte rett ved sida av Kreml og turistinformasjonen der dei hadde både brosjyrar på engelsk og ein engelsktalande mann som fortalde oss om byen.

Velikij Novgorod betyr den store, mektige byen og seiest å vera Russlands eldste by med Russlands eldste Kreml frå året 1044. Kreml er tydinga for borg eller festning i russiske middelalderbyar, og den meste kjente er nok Kreml i Moskva. Gamlebyen i Velikij Novgorod  vart innlemma i UNESCOs liste over kulturarv i 1992. Innafor Kreml er det fleire verdifulle sjåverdigheiter:

Sofiakatedralen vart bygd i 1050 og er dermed den eldste kyrka i Russland. Namnet kjem frå Hagia Sofia i Istanbul (Sofia betyr visdom på gresk). Også bysantinske ikoner i kyrkja kjem frå Istanbul som då heitte Konstantinopel og var hovudstaden i Det bysantinske riket.

♦ Russlands tusenårsminnesmerke frå 1862 er forma som ei kyrkjeklokke og viser motiver frå Russlands historie, med Mor Russland på toppen. Den er 15 m høg og 65 tonn tung (300 tonn totalt) og er også avbilda på 5-rubelseddelen.

  

  

  

  

Historia til byen går tilbake til 800-tallet. Innbyggjarane i Novgorod var i kontakt med vikingane allereie i 859, då den norrøne herskaren Rurik grunnla byen Holmgard (namnet kjem av holmane eller øyer som det er mange av i byen). Novgorod var eit viktig punkt på handelsruta til vikingane mellom Baltikum og Det bysantinske riket. På 1200-talet var byen ein av dei viktigaste handelsbyane i Europa og ein del av Hansanettverket saman med Bergen, Hamburg, Brugge, London og andre byar. På 1300-tallet hadde byen så mange som 400 000 innbyggjarar. Under andre verdskrig vart byen totalt øydelagt.

  

  

  

  

Frå Kreml spaserte me over ei bru på elva Volkhov til Jaroslavs torg som var byens sentrum i middelalderen. Torget er omringa av mange middelalderkyrkjer og ein arkade frå det 18. århundre. Her tok me det med ro, gjekk litt, sette oss ned og naut den fine festninga og byen. Elva hadde høg vasstand denne dagen, benkane var under vatn og brua til ein båt med restaurant var også halvvegs under vatnet. Me gjekk ein runde i byen før me sette oss i bilen og køyrde vidare. Frå Novgorod køyrde me i 3 timer mot Moskva og klokka 22 stoppa me ved ein liten avkøyrsel og overnatta i skogen. Men me kan ikkje sei at me følte oss veldig trygge fyrste natta med ”villcamping” i Russland.