Skip to content

Me smakar på godsakar i New Orleans

New Orleans er den mest folkerike byen i Louisiana og verdas tredje største hamn, også kalla for Big Easy. Som me nevnte i går, ligg 1/3 av Louisiana og heile New Orleans under havnivå. I 2005 forårsaka orkanen Katrina enorme skadar som førte til overfløyming av nesten heile byen. Resultatet var 2 000 daude og skadar på 100 milliardar dollar. Det er eit stort pumpesystem i New Orleans, det lukter kloakk og bos overalt og mange suge/spylebilar driv på i gatene ☹

På programmet sto Cabildo, det statlege museet i Louisiana. Cabildo tyder råd på spansk og rådgjevande organ/regjering hadde sitt sete der då Louisiana vart styrt av både Frankrike, Spania og USA. I Sala Capitular signerte dei avtalen om at Louisiana vart seld (Louisiana Purchase). På museet har dei også dødsmaska til Napoleon Bonaparte frå 1821 som hans lege tok med seg då han flytta til Louisiana i 1823. Fyrste etasje var via urbefolkning og kolonitid, andre etasje samfunnet og den tredje Borgarkrigen.

  

  

  

  

Me hadde nok å gjera med å smaka på all den gode maten i New Orleans. I det franske kvarteret er det visst 180 restaurantar. Me byrja i går og fortsette i dag. Kreolsk kjøken er ei blanding av europeisk mat med lokale ingrediensar. Det er påverka av både fransk, spansk, italiensk og afrikansk mat.

Fyrst og fremst vil me skriva om po-boys. Det er sandwich av kvit fransk baguett fylt med reker, fisk, ost, skinke, pylse eller andre delikatessar. Navnet kjem frå 1929 då arbeidarane til eit transportselskap streika og deira tidlegare kollegaer laga sandwichar til dei. Arbeidarane var kalla for „poor boys”. Den beste plassen å få tak i po-boys i byen er Johny´s po-boys. Dei er so gode at dei har vunne nokre prisar. Der er det alltid travelt og masse folk, det er ein fast food restaurant med nokre få stolar. Me bestilte po-boys med egg og bacon og cheesburger og fekk fire store sandwicher.

Ein annan lokal spesialitet er beignets, friterte kaker dryssa med sukker. På engelsk kallar dei dei „French doughnut“. Dei beste sel dei på Café du Monde, men der er det alltid lang kø for å koma inn. Me gav opp på fyrste forsøk, men kom tilbake.

Av andre rettar kan me nemne gumbo (tjukk suppe av kraft antan av kjøt eller sjømat, løk, selleri og paprika), jambalaya (gryte av ris, pylser, grønsaker, kjøt eller sjømat), muffuletta (sandwich opphavleg frå Sicilia) eller den søte brødpuddingen. I Louisiana produserast også den kjente sausen Tabasco. Årleg (40 dagar før påske) arrangereast det Mardi Gras i New Orleans, ein mat- og musikkfestival.

På ettermiddagen køyrte me ut av byen i retning aust, gjøno Mississippi til Alabama. Rett før grenso med Florida stoppa me og slo opp teltet. Me campa på stranda ved sjøen og åt kvelds mens sole gjekk ned.