Skip to content

Vancouver Island

På føremiddagen gjorde me oss litt kjende i Whistler. Som me skreiv i går, vart OL-bygda i Whistler forvandla til eit bolegområde etter OL i 2010. Gjøno det heilt nye sentrumet går ei lång gågate med mykje uteplassar. I enden av bygda er Blackcomb Gondola, eigentleg ein skiheis som tek opp både folk og syklar. Det vart laga til ein bakke for terrengsyklar som folk sykla ned på. Dei fleste folkjene såg ut til å vera veldig aktive, ikledd sportsklede og som om dei dreiv med all mogleg sport. Litt som på Voss 😊 Me dreiv ikkje med noko aktivt denne dagjen, det var varmt, so me kjøpte oss iskrem, spaserte i bygda og såg oss om.

  

  

  

  

Frå Whistler køyrde me til Horseshoe Bay. Her byrjar Highway 1 som går frå vest til aust i Canada. Dette er samstundes den sørlege enden på Sea to Sky Highway som me har køyrd frå den nordlege enden ved Lillooet. Me er her fordi me skal ta ferje over til øya Vancouver Island. Horseshoe Bay er den tredje travlaste terminal til ferjeselskapet BC Ferries. Me kjøpte billett til Nanaimo til klokko 19 og måtte venta litt over ein time. På ferjo var det mykje plass/seter, to caféar og soldekk, men då sole gjekk ned vart det kaldt. Me var framme i Nanaimo klokko 21 og køyrde i 15 minuttar til fyrste campingplass der me fekk plass med full hook-up, altså straum, vatn og avløp.

  

  

  

  

Vancouver Island er ei øy i Stillehavet ved kysten til og ein del av Britisk Columbia. Den er 456 km lang, 100 km brei og har ei overflate på 32 000 km2, omtrent like stort som Belgia. Det er den største øya på vestkysten av Nord- og Sør-Amerika og den nest mest folkerike øya i Canada. Det bur 850 000 menneskje der, av dei bur 330 000 i Victoria, hovudstaden i Britisk Columbia. Victoria og Nanaimo (90 000 innbyggjarar) er øyas største byar.

Øya er oppkalt etter kaptein George Vancouver, ein sjøoffiser i British Royal Navy som utforska Nord-Amerikas stillehavskyst i 1791-1794, spesielt kysten av dagens Britisk Columbia og dei amerikanske delstatane Washington og Oregon. Han kartla også sørkysten av Australia, Tasmania og New Zealand, Tahiti og Hawaiiøyane, og på veg tilbake til England utforska han Galapagos og dermed segla rundt jorda. Også byane Vancouver både i Canada og USA er oppkalla etter han.