Skip to content

Ei lita oppsummering av vårt opphald i Canada

Avgjersla om å reisa til Canada vart gjort gansje tilfeldig mens me var i Russland og skulle finna oss ein stad å vera mens bilen var på havet. Planen var å vera so nærme grenso mot USA at me berre kunne ta toget og kryssa den. No ser det ut som om bilen kan hentast om ein eller to dagar. Sidan me ikkje hadde planlagt å reisa til Canada, var me ikkje førebudd på det og me visste lite om kva me kunne sjå der. Me prøvde å finna litteratur om Canada dei siste dagane mens me var i Russland slik at me kunne lesa oss opp, men det var heilt umogleg. So me tok det med ro og skulle berre sjå kva me fann på når me fyrst kom til Canada. Viss me kom dit. Me hadde aldri trudd at me skulle få problem på grenso og kanskje ikkje verta sleppt inn i landet.

Men no har me vore i Canada i ein liten månad og har opplevd ymse. Me har sett både fjord og fjell og vart einige om at den delen av Canada som me vitja såg ut som Noreg. Me driv ikkje med ekstremsport eller noko slekt, men me var jo bra aktive i Canada. Me har leiga syklar fleire gongjer og gjekk også långe turar. Som deko sikkert har fått med deko so likar me å gå på kaféar, eta god mat og smaka nye rettar. Me likar å sjå på folk frå ein fortauskafé og me likar å snakka med folk på campingplassar og dei me elles treffer. Å gå på museum og læra om staden og folkjet likar me òg.

Når me snakkar om pengar, var Canada faktisk veldig dyrt. Sidan me berre venta på at bilen skulle fraktast over Stillehavet og ikkje ville bruka mykje pengar, so syntest me at det var dyrt. Den canadiske dollaren var skyhøg akkurat då me var der og gjekk ned fyrst då me skulle forlata landet! Me brukte like mykje pengar på 25 dagar i Canada som me brukte i løpet av 80 dagar i Russland. Men det er eigentleg ikkje noko å syte for, me har hatt det kjekt, har sett litt av landet og veit at det var ei betre investering enn å kjøpa seg endå ein bil, båt, hytte, hus og alt samfunnet krevjar av folk. Opplevingar og reiser er den beste investeringa ein kan gjera i livet.