Skip to content

I dag får bilen tender loving care

Fyrste morgon i sengje vår 😊 Geir stod tidleg opp og serverte frukost rett bak bilen, mydlo bilen og bosskontainarar 😊 Han hadde egg, pylsa, olivenbrød og kaffi med mjelk på menyen. Folk gjekk forbi og sa at dei likte bilen og teltet vårt, mangjen såg undrande på teltet, me var rett og slett ein attraksjon. Ein eldre mann stoppa og snakka med oss.

Elles gjekk heile dagjen på å rydda i bilen. Me vaska den innvendig, det begynte å mygla mangjen stader. Bilen måtte få litt tender loving care  etter ein heil månad åleine på sjøen 😊 Me vart ferdige med det meste og alle kassane vart rydda. Me måtte omorganisera sitjeplassar og bagasjerommet fordi me skulle få ein ekstra passasjer, Luba, systo til Ivana. Geir flytta skiljeveggen, som var heilt framme, lenger bak og laga sitjeplassar i baksetet.

Då me ville starta bilen, gav batteriet oss beskjed om at det ikkje gjekk an. So det måtte kvinneleg styrkje til – Ivana måtte dytta 3 tonn mens Geir med heile sin vekt sat i bilen 😊 Me fann ut at det eine batteriet var flatt. På ein bensinstasjon fekk me tips om kor me kunne finna ein butikk der dei sel bilbatteri. På NAPA hadde dei ope sundag ettermiddag og selde oss eit batteri som me monterte med ein gong (fekk rabatt for levering av det gamle batteriet). Til slutt fekk me også støvsuga bilen – på femte bensinstasjon me hadde prøvd.

  

  

Til middag laga me oss svinekjøt med ris frå russisk hermetikk som me smugla inn i USA 😊 Etterpå kjøpte me is og sette oss på terrassen utanfor resepsjonen og kopla oss til nett. Me har ofte irritert oss på internett. Det har ikkje vorte betre i USA enn i Russland. Det er alltid noko tull med det. I Russland brukte me kaféar og hotella, i USA hadde dei nett også på campingplassar. Men det var noko galt nesten kvar gong: anten var nettet treigt eller so fekk me beskjed om at nettet ikkje virka etter at me hadde bestilt mat og kaffi på ein kafé. Me levde i 2011 og var komne like langt som i 1985, ifylgje Geir. Han yngste seg ein av-og-på-knapp på datamaskina som ein skrur på, helst ein stor spake som ein drar i, og pc-en kjem på med ein gong, ikkje noko „Windows startar“ eller „Oppdatering 1 av 16, ikkje slå av datamaskina“. Det vert vel den neste jobben til Geir å laga ei pc med ein stor knapp som ein slår maskina på med, og internett kjem automatisk på 😊 Dette har han brukt mykje tid til å tenkja ut. Og det tristaste er at det framleis er slik i 2021.