Skip to content

Ein av verdas største demningar

I dag er Samara på programmet. Me hadde ikkje kart så me berre fylgde etter den største køen og antok at den skulle føra oss til byen. Og det gjorde den 😊 Samara er ein kjempestor by. Den har 1,1 mil. innbyggjarar, saman med Toljatti og Syzran til og med 3 millionar.

  

  

Me var heldige med fantastisk fint ver. Me parkerte ved Revolusjonsplassen med Lenin i midten. Etter nokre dagar utan nett hadde me behov for å sjekka diverse ting. Det viste seg å vera vanskjeleg, me fann ikkje éin einaste café i heile gågata. Me var litt uheldige med val av restaurant også. Det var ein overprisa italiensk restaurant der me fekk servert ei lita flaske vatn på deling (i den varmen hadde me behov for litt meir). Maten var heller ikkje god og me gjekk derifrå halvsvoltne. Me får halde oss til russiske restaurantar med skikkelig mat 😊 Så gjekk me til Volga og den fine strandpromenaden. Hadde me berre visst at det var masse restaurantar og caféar der så hadde me venta med å eta. Folk låg på sandstranda, solte seg og bada. Nede ved elva er bryggeriet Zhiguli kor dei lagar lokalt øl. Dei har laga Zhiguli øl sidan 1881 og på 1980-talet utgjorde den 80 % av sovjetisk ølproduksjon. Likheiter mydlo Samara og St. Louis i USA gjer at dei er vennskapsbyar, ikkje berre på ølfronten (dei lagar Budweiser i USA), men også når det gjeld elvane Volga og Mississippi.

  

  

  

  

Samara vart grunnlagt i 1586 som ein festning der elvane Volga og Samara møtast. Det er bygd store kraftverk langs Volga og dei største ligg ved Samara, Volgograd og Saratov. Samarademningen, også kalla Kujbysjev-demningen, strekkjer seg heilt frå Samara til Kazan og er dermed ein av verdas største kunstige sjøar. I området er det også rike oljekjelder og ein viktig oljeledning går til Europa.

Samara heitte Kujbysjev frå 1935 til 1991 til ære for Stalins nære medarbeidar Valerian Kujbysjev. Fram til 1991 var byen stengt for utlendingar pga. flyindustri. Dei lagde militærutstyr under den kalde krigen, for eksempel den ”flygande tanks” IL-2 eller bereraketten Vostok som me såg på museet i St. Petersburg. Samara var reservehovudstaden under annan verdskrig i tilfelle Moskva skulle falle til fordel for nazistane. Det vart til og med bygd ein bunker til Stalin med 9 etasjar under bakkjen.

Byen er også kjent for framføring av Sjostakovitsjs Sjuande symfoni („Leningradsymfonien“) i Operahuset i 1942 som vart vist verda rundt. Dimitrij Sjostakovitsj budde i byen.

Sidan Fridtjof Nansen var ein nordmann, må me nesten nemne at han hjelpte til då hungersnøda braut ut i Samara og i heile Volgadalen i 1921. Denne svoltkatastrofe var eit resultat av den russiske borgarkrigen, turke og dårlege avlingar. Nansen jobba for Det internasjonale Røde Kors og Folkeforbundet. Han er framleis ein helt i Russland og ein kan finna museumsutstillingar om Nansen i Sibir. 

  

  

  

  

På kvelden køyrde me ut av byen. Det var ca. 160 km til der me ville overnatta. På vegen passerte me Toljatti der dei lagar Lada (VAZ er Russlands største bilfabrikk). VAZ har samarbeida med Fiat, General Motors og Renault-Nissan og meir enn 100 000 arbeidarar er tilsett i bilindustrien. Toljatti heitte opphavleg Stavropol, men skifta namn til Toljatti i 1964 til ære for leiaren for dei italienske kommunistane Palmiro Togliatti. Den opphavlege byen måtte vike unna for bygging av demningen og byen vart flytta. I dag bur det rundt 720 000 menneskje i Toljatti.

Me køyrde over Volga og trudde det var ei bru, men det var ei sluse på Samarademningen. Me hadde planar om å finna oss ein stad å campa i nasjonalparken Samarskaja Luka. Det var veldig fint der så me stoppa på ein liten matbutikk og kjøpte pylser, løk og erter til middag. Plutseleg stod me på ein stengt veg og vektarar ville ikkje sleppe oss forbi rampa. Me veit ikkje heilt kvifor det var sånn, men det kom bilar ut og inn heile tida. Så me snudde og køyrde tilbake, det byrja å verta myrkt og det var framleis mange bilar på vegen. Me klarde ikkje å finna ein trygg stad til overnatting og køyrde ut av nasjonalparken. Det var ikkje akkurat den mest romantiske campinga, men det vart so seint at me måtte berre stoppa og slå opp teltet på ein åker ved motorvegen.