Skip to content

Washington, vår fyrste stat i USA

I dag sto me opp relativt tidleg, men brukte litt tid før me kom oss av garde. Under frukosten stoppa Vassilij hjå oss, men vart ikkje so lengje som hin dagjen. Me omorganiserte bagasjen slik at Luba også fekk plass til sine ting. Me måtte på ein handletur for å skaffa ymse ting, blant anna liggjeunderlag til Luba og GPS. I Russland og Canada hadde me ingjen GPS, me stolte på den gode orienteringssansen vår 😊 Men etter nokre turar til Seattle vart me einige om at det kunne vera ein fordel å ha GPS til å bruka i byar. Den var liten og skjønn og snakka norsk, men brukte miles og ikkje kilometer.

  

  

  

I byen parkerte me på plassen vår i nærleiken av Space Needle. Dette utsiktstårnet er ein populær attraksjon i Seattle og vart bygd til verdsutstillinga i 1962. Det er eit 184 meter høgt tårn med ein roterande restaurant som brukar 47 minuttar til å gå heilt rundt. Frå toppen kan ein sjå byens panorama, men også nærliggjande fjell som til dømes Olympic og Cascade Mountains, Mount Rainier, Mount Baker, Elliott Bay, og nærliggjande øyer.

Etterpå spaserte me i byen og skulle visa Luba plassar som me alt hadde sett, som Pike Place Market der me fann oss ein restaurant med god mat. Me spaserte litt til og so vart det kveld. Det kan sjå ut som om me gjer lite nokre dagar, men tida går fort og ein rekkjer ikkje å gjera meir enn 1-2 ting per dag. På vegen heim handla me på Safeway og på campingjen laga me bål og grilla pylser, store reker og grønsaker. Me smakte også vin frå Washington State.

  

  

  

  

Visste deko at staten Washington er nest største vinprodusent i landet, etter California? Det er visst meir enn 600 vingardar der. Og akkurat her byrja vår reise gjennom Amerikas forente statar. Det var ganskje logisk sidan bilen kom hit med skip, men me hadde ikkje planlagt so mykje meir. Me hadde vorte fortalt at vegen langs kysten var fin, so me ville testa den. Elles skulle me berre sjå kor me havna 😊

Washington er ein ganskje stor stat, den strekkjer seg frå Stillehavet i vest til nabostaten Idaho i aust. I nord grenser den mot Canada og i sør mot Oregon. Grunna mykje nedbersla er området langs kysten fruktbart og egnar seg godt for jordbruk. Midt i staten ligg fjellkjedo Kaskadefjella (Cascade Range) som går nord-sør og delar staten i aust og vest. Fjellkjedo er kjend for sine vulkanar som Mount Rainier og Mount St. Helens. På austsido av fjellkjedo ligg eit stort turt område med ørken grunna lite nedbersla. Der regnar det cirka 203 mm i året, mens på vestsido regnar det 10 gongjer meir. Som me tidlegare har funne ut, er årlege gjennomsnittsmengder nedbør i Nitra 600 mm og i Bergen 2 511 mm. Dette berre til samanlikning 😊

Washington er oppkalla etter USAs fyrste president George Washington og er den einaste delstaten som er oppkalla etter ein president. På engelsk kallast den Washington state eller State of Washington eller berre Washington for å skilja den frå Washington, D.C. som er USAs hovudstad. Washington har ca. 6,7 millionar innbyggjarar. Hovudstaden er Olympia (46 000 innbyggjarar) og Seattle er den største byen (737 000 innbyggjarar). Dei mest kjende selskapa med sete i Washington er Microsoft, Boeing og Starbucks og delar av den amerikanske Stillehavsflåten er også basert der.