Skip to content

Isgrotto i Kungur

Lastebilane hadde køyrd frå plassen i 7-tida, men me sov til 09:30. Me var 20 km frå Kungur, stoppa ved innkøyrselen til byen og laga oss frukost. Me var på veg til isgrotto, den einaste isgrotta i Russland som er ope for folk. Me melde oss på omvising på russisk, guiden var morosam, men elles skjønte me ikkje så mykje 😊 Det var -2 grader inne i grotto. Total lengde er 6 km, av det er 1,5 km ope for turistar. Den er 10-12 000 år gamal og består av 20 rom og 60 innsjøar. Grotto var fin, men i dei slovakiske er det meir is 😊

I sentrum av Kungur fann me oss ein restaurant eller betre sagt ei kantine (stolovaja) og bestilte borsjtsj, kyllingsuppa, zjarkoje og golubci med kål og kjøtt. Me et borsjtsj ganske ofte, det er ein fantastisk god rett. Zjarkoje er også ein tradisjonell rett og serverast overalt. Golubci er rulla kålblad fylt med kjøt. For heile denne middagen betalte me 210 rublar (42 kroner eller 5 euro). Til samanlikning kosta billetten til isgrotto for oss to 1350 rublar (270 kroner eller 33 euro).

Frå Kungur køyrde me mot Jekaterinburg, det regna og sola skein. Me stoppa og slo opp teltet cirka 75 km frå Jekaterinburg.

  

  

  

  

  

  

Borsjtsj

Det er fleire som har sagt til oss at det er vanskjeleg å laga borsjtsj. Det er det absolutt ikkje. Me delar gjerne med deko ei oppskrift på borsjtsj som alle likar. Den er faktisk frå Den rutete kokeboka 😊 Denne porsjonen er for 4 personar.

Ingrediensar:

0,5 kg bibringe / høgrygg

1,5 l vann, 1 ss salt

1 stk laurbærblad

2-3 korn pepar

1 fedd kvitløk

Halv purre

3-4 stk persillestilkar

3-4 stk (250 g) raudbetar

50 g sellerirot

1 stk pota

1 stk løk

150 g hovudkål

1 ss margarin

200 g hermetiske tomatar

1–1,5 ss eddik, salt, peppar

Tilbehør: hakka kruspersille og rømme

Kok opp vatn og salt i ein stor kjele. Vask kjøtet og legg det i. La det småkoka utan lok i 10-15 minuttar. Skum godt. Ha i laurbærblad, peparkorn, purre, persillestilkar og ev. kvitløk. La det småkoka under lok i ca. 2 timar. Sil krafta. Skjer kjøtet i terningar. Vask, skrell og skjer grønsaker i strimlar: pote, selleri, raudbetar, løk, kål. Fres dei i smør i 5-10 min. Hell krafta i og la det koka i 15 min. Ha i tomatar, eddik og krydder. Tilset kjøtterningar og la det trekkje i 5-10 min. Serverast med hakka persille, rømme og brød.

Håpar det smakar.

  

Sibir

Før me legg oss, vil me gjerne skriva noko om Sibir sidan området bak Uralfjella omtalast som Sibir. Sibir er eit stort område mydlo Ural i vest, Stillehavet i øst, Nordishavet i nord og kasakhiske steppene og Mongolia i sør. Det dekkjer rundt 77 % av arealet til Russland (ca. 10 mil. km2), men har berre 30 % av innbyggjarane. Folk har busett seg langs elvane og jernbanen. Sibir delast i Vest- og Aust-Sibir. Det vestsibirske låglandet strekkjer seg frå Ural (elva Ob) til Novokuznetsk og Kemerovo (elva Jenisej). Sentralsibirsk platå strekkjer seg frå Krasnojarsk (elva Jenisej) til Chita (elva Lena), med Bajkalsjøen omtrent i midten. Det finst store naturressursar i Sibir. Berre i elva Kolyma i Nord-Sibir er 1/3 av gullreservane i verda, og gull- og diamantfelt større enn dei i Sør-Afrika. Sibir held rekorden med den kaldaste staden på den nordlege halvkula og plassen heiter Ojmiakon heilt aust i landet der det vart målt -71 °C. Men det betyr ikkje at det alltid er kaldt i Sibir. Vintrane er kalde og lange, mens somrane er varme og stabile. Me har helde på å smelta av varmen sidan me kom til Sibir. Mangjen trur at Sibir er dekka av snø heile året, men det er motsett: åkrane er vakkert grøne og det dyrkast noko over alt. Sjølv om det er flatland og lite fjell her for det meste, landskapet rundt er veldig fint. I tillegg har Sibir dei finaste vegane i Russland (bortsett frå den frå Krasnojarsk til Irkutsk, men dei jobbar med saka).