Skip to content

To nye bilbatteri

Heilt sidan me tok bilen ut av konteineren i Seattle, har me hatt problem med batteria. Dei lada seg ikkje godt nok. Me har i tillegg brukt dei til å lada mobilar, PC, kamera, leselampe i taktelte og blesa opp madrassen til Luba, men det burde ikkje vera eit problem. Det hadde vore greitt å finna ut kva som feila batteriet. So i dag bestemde Geir seg: enten so finn han det ut eller so finn han det ikkje ut 😊 Det enda opp med at han ville finna ut av det. Det virka ikkje med 55A på det nye batteriet og 95A på det gamle batteriet så han kjøpte to nye batteri. Det viste seg at det ikkje er lurt å kjøpa eitt nytt 12-volt batteri når dei er seriekopla til 24 volt. Det vert berre tull med ladinga viss dei ikkje er like i størrelse (ampere). Det var ei sterk dama på ei batterisjappa som hadde seldt dei til han, ho bar dei sjøl til bilen og monterte dei. Sabba dama i fylgje Geir! Etterpå viste ho fram sin eigen bil som var ein Chevrolet Siverado 4-hjulstrekk som ho hadde køyrt 300 000 miles med og var heilt strøken. Batteria var rimelege, begge batteria samla kosta 217 $ (cirka 1200 kroner då og 2000 i 2021).

Geir hadde det kjekt heile dagjen. Han snakka med mangjen folk som var interessert i bilen vår. Ein mann fylgde etter bilen vår til eit kjøpesenter og stoppa ved sido av Geir i ein nyare Landcruiser HDJ 100 med V8 bensin. Heime i garasjen hadde han ei bensinutgåve av vår bil som han kjøpte ny i 1985. Denne hadde han totalrenovert og viste bilder av bilen sin. Han var svært interessert i bilen vår og var imponert over dieselmotoren og fargane på interiøret. Og 24 volt anlegg var heilt utenkjeleg for han. I USA er ikkje dette vanleg på lastebilar heller.

  

  

Ivana og Luba kunne ikkje bidra i batterimisjonen so dei reiste til bydn. Dei tok buss til bydn og fyrste stoppet var Chinatown. Der var det fullt med butikkar, restaurantar, kaféar og bilar. Kyrkjo Old Saint Mary Church var ein gong den høgste bygningen i byen, i dag druknar den mydlo skyskraparar. Me hadde me oss matpakke som me åt i ein park med masse kinesarar og leikande ungar. Vidare gjekk turen forbi Financial Centre, som var stengd grunna Labor Day, til Maritime Plaza med palmer, fontener og eit tårn med zipline. Folk gjekk oppi tårnet, festa seg til eit tau, sleppte seg og hylte heile vegen ned. På plassen var ein salsbod med flate flasker med morosame etikettar, og sidan me brukte lang tid på å bestemme oss, var me velkomen tilbake i morgon og me skulle få rabatt. No var me nede ved kaien og ferjeterminalen. Fasaden er utsmykka med eit fint tårn med klokke og amerikansk flagg og inne er det ein marknad og kaféar. Då me sat på ein benk, kom ein mann bort til oss og forklarte kor me kunne gå og eta i byen. Etterpå spurde han om tips frå oss begge for å ha gitt oss sine gode råd! Det har gått ein heil dag og det byrja å verta seint. Bykjernen er ganske stor, i alle fall når ein går heile dagjen. Me spaserte til Columbia St. som han mannen anbefalte og gjekk på ein italiensk restaurant, men verken service eller mat var god. Me fann oss eit anna busstopp som me ville ta buss frå. Me fylgde Columbia St. og Lombard St. der me måtte opp ein bratt bakke. Der var det laga ein zikk-zakk veg med fint danderte bloma som bilar køyrde ned på og folk tok bilete av dei – det var visst ein turistattraksjon. Busstoppet som me hadde sett for oss var ikkje der og me mista bussen i tillegg og måtte venta i ein halv time til. Då me kom heim til Geir, hadde han snakka med naboen frå Florida som gav oss ei bensinkanne, øl og vatn. Dei skulle levere RV-en og reisa heim.