Skip to content

Frå Los Angeles til Las Vegas

I dag har me ein køyreetappe på ca. 550 kilometer framfor oss. Frå campingjen køyrde me forbi L.A., fylte diesel og handla mat på ein butikk. Etter ein stund stoppa me att for å sjekka om bilen var varm og for å kjøla oss sjølve ned med ein is 😊 Ikkje långt frå køyreruto vår ligg San Bernardino, staden der brørne Maurice og Richard McDonald i 1940 starta ein restaurant. Dei utvikla eit konsept for rask betening av kundar som seinare vart standard for fast food slik me kjenner den i dag. Dei dreiv restauranten sin fram til 1961 då den vart kjøpt opp av Ray Kroc som utvikla den vidare. San Bernardino County er det største fylkjet i USA med 52 000 km2.

I byen Victorville tok me av den kontinentale vegen I-15 (interstate highway) og kom oss på ein mindre veg som heitte Route 66, The Main Street of America eller The Mother Road. Den opphavlege Route 66 var ein gong i tida hovudvegen i USA og gjekk gjønom mangjen delstatar frå Chicago til Los Angeles. Den hadde ei lengd på 3 940 km. Den vart grunnlagd i 1926 og etter kvart som interstate highways vart bygd, vart delar av Route 66 lagt ned. Vegen var offisielt tatt ut av det nasjonale vegsystemet i 1985. I dag er den ei historisk rute og ikkje ein samanhengjande veg. Delar av vegen vert drive av enkelte delstatar, nokre er private vegar og andre vart etterlete og forfalle. Den delen av vegen me køyrde på var delvis etterlaten, berre med grus på og graset har byrja å spreia seg inn i køyrebana.

Frå Route 66 kjem me oss tilbake på I-15 ved byen Barstow som ligg midt i Mojaveørkenen, ein av dei turraste plassane på jorda. Det var ekstremt varm ute, og sjølvsagt inne òg sidan me ikkje har noko klimaanlegg i bilen. Til middag hadde me handla til taco og det var so varmt at me varma lefsene på panseret til bilen 😊 Det at det var so varmt har noko med at me er komne inni ørkenområde. Mojaveørkenen strekkjer seg over 35 000 km² og fleire delstatar og er oppkalla etter den indianske mojavestammo. Ørkenen ligg på 900 m.o.h. og det regnar mindre enn 250 mm i året. Her ligg også dalen Death Valley, det lågaste punktet (86 meter under havet) og den varmaste staden i Nord-Amerika. Då me passerte Death Valley målte me 41 varmegradar og det var kjempevarmt i lufta. Me er heldige som ikkje var der i juli og august, fordi då når temperaturen 49 varmegradar. Rekorden på 56,7 °C vart målt i 1913.

Heldigvis gjekk temperaturen ned då me kryssa grenso til Nevada, i Las Vegas var det berre 30 °C klokka 8 om kvelden. Forstaden til byen var kjempelang, langs vegen såg med hotellar med casinoar, restaurantar, pubar, kjøpesentra og alt mogleg som skulle lokka folk til å bruka pengar. Då me køyrde inn i byen var det alt myrkt, men alt lyste i byen og nokre bygningar var ganskje fargerike.

Me hadde ikkje førehandbestilt overnatting og fann ein KOA camping på den eine enden av Las Vegas Strip, altså hovudgata med alle casinoer og attraksjonar. Campingjen var eigentleg berre for RV-er, altså bubilar, men me klarde å overtala dei og fekk ein plass i nærleiken av resepsjonen, toaletta og bassengjet. Me hadde straum og vatn og kunne lada pc-en. Me testa ut det varme bassengjet, det var godt å bløyta seg litt. Kvelden brukte me til å kjøla oss ned, fordi det framleis var veldig varmt, og smaka vin frå California. Forskjell i temperatur på kysten og her var enorm. I går hadde me ullunderty og fraus.