Skip to content

Heima sjå Lenin

I går klaga me på at hotellet var overprisa. Men frukosten var det ingenting å seie på, det var på førehand bestemt kva me skulle eta. Me følte oss som på ein luksus restaurant. Servitøren kom fyrst med jogurt, so havregraut, ananasjus, to skiver skinke, brød, smør, speilegg og kaffi. Det var godt og passeleg mengde.

  

  

  

  

Hovudattraksjon i Uljanovsk er nok Lenin Memorial Centre, det store museumskomplekset med ei gigantisk utstilling om Lenin. Utstillinga handla om alt frå Lenins barndom, revolusjonen til bolsjevikane og hans tid ved makta som nasjonens leiar, fram til Stalin og den andre verdskrig. Det var enormt stort med mange gjenstandar, tekst var berre på russisk med litt informasjon på engelsk. Utstillinga synte også statsoverhovudar som har besøkt Uljanovsk, heilt frå Peter den Store, Katarina den Store, Aleksander I. til dagens president Medvedev (2009), Putin (2002), og den tidlegare presidenten i Tsjekkoslovakia Husák (1982). Dei hadde stilt ut bøker av Lenin oversett til andre språk. Ca. 10 bøker var oversett til norsk, men ingjen til slovakisk som me kunne sjå.

Ein del av museet er også dei opphavlege husa til famelien Uljanov, altså famelien til Lenin. Vladimir Iljitsj Uljanov tok namnet Lenin etter elva Lena i staden for å bruka etternamnet sitt Uljanov. Etter hans død i 1924 skifta byen namn frå Simbirsk til Uljanovsk. Me kjøpte oss billett til leilegheita til Uljanov-famelien (den kosta 50 R, men då dei fann ut at me var utlendingar, så kosta den plutseleg 200 R). Museumsdamene var heilt rysta over at me ikkje hadde ein guide, så me fekk ein russisk guide og omvisinga føregjekk på russisk 😊 Guiden var grei og veldig ivrig og slapp oss bak snora kor besøkjande ikkje kan gå. Ho føreslo også at me kunne setje oss på stolane og bak piano til famelien Uljanov og ta bilete 😊

  

  

  

  

  

  

  

  

Det regna, tordna og lynte heile dagen så det var greitt å vera inne på museet, men me hadde ikkje lyst til å campe i striregnet. På ein café bestilte me to netter i vår neste by Kazan. Det tok oss nesten tre timar å køyra frå Uljanovsk til Kazan. Naturen der såg ut som i Skottland. Me måtte spørja om hjelp både i Uljanovsk og Kazan. Ein snill mann teikna vegen til oss på eit ark og seinare måtte me be ein taxisjåfør om hjelp til å finna hotellet. I Kazan budde me på eit lita koseleg hotell (Hotel Hills) med hyggjeleg betening og parkeringsplass i bakgarden. Rommet var lite, men det var heilt greitt, me kunne sjå bilen frå vindauge.

Tatarstan

Me passerar grenso til ein ny republikk, Republikken Tatarstan eller berre Tatarstan. Det er eit av dei mest utvikla områder i Russland, med petrokjemisk, maskin-, bil- og flyindustri. Tatarstan er ei kulturell og religiøs bru mellom Europa og Asia. Det bur 3,5 millionar folk her: mesteparten av dei er tatarar, etterkomarar av tyrkarar frå Dsjingis Khans tid og Volga-bulgarar (opphavleg bulgarar frå Balkan), etterfylgd av russarar, tsjuvasjer, mordvinarar og andre etniske grupper. Tatarar er muslimar og islam er den mest utbreidde religion (52 %), russarar er russisk-ortodoks kristne (39 %) og resten er katolikkar, lutheranar og andre religionar. Det tatarske flagget representerer alle innbyggjarar: grønt førestiller den muslimske tatarske befolkninga, raudt ortodokse russarar og kvitt betyr fred. I 2020 er det gått hundre år sidan Den autonome sovjetiske republikken Tatarstan vart grunnlagt.

I morgo skal me sjå oss rundt i Kazan og skal skriva meir om denne interessante byen.