Skip to content

Imponerande minnesmerkje Mamajev Kurgan i Volgograd

Det er ikkje ofte me søv langt ut på dagen når me bur i takteltet. Me vaknar stort sett tidleg. I dag sto me opp 07:30 til sol og blå himmel. Etter litt rydding i bilen reiste me mot Volgograd. Me rekna med at det skulle ta ca. 3 timer å køyra til Volgograd (det er 200 km), men det er avhengig av vegen. Etter cirka ein time stoppa me for å eta frukost på ein café ved vegen. Caféen var stor og det var truleg hotell i andre etasje. Me vart møtt av fire jenter som såg på oss som om me hadde kome frå ein annan planet 😊 Dei snakka berre russisk og det gjekk heilt fint å bestille. Dei kunne laga det meste og me valde smørbrød med ost og skinke og blini med kjøtt. Som me alt har skreve om, er kaffi ikkje så populær i Russland og det er ikkje sikkert dei sel den overalt. Her hadde dei pulverkaffe og inga mjelk/fløyte so me drakk heller svart te. Me betalte 120 rublar (24 kroner) for heile frukosten. Då me var på veg ut, snakka me med to menn som sikkert var far og bror til desse jentene og dei heldt på å pussa opp. Dei lurde på kvifor me ikkje hadde tekje fly, det hadde visst vore raskare 😊

  

Etter 3,5 timar med farten 50 km/t kom me til Volgograd og det var endå ein halv time til sentrum. Det var ikkje så gale med trafikken, Leningate er brei og byen oversiktleg. Volgograd er ein av dei lengste byane i Russland, det er 61 km frå nord til sør. Me parkerte på hovudplassen midt i byen, men var usikker på om me måtte betala. So Ivana gjekk til mannen som parkerte ved sida av oss for å spørja korleis me skulle betala og han vart berre sur og begynte å kjefte. Problemet var at Ivana brukte feil preposisjon på russisk og det høyrdest ut som at det var han som måtte betala. Det var omtrent slikt: „Veit du at det er betaling her?“ i staden for „Veit du om det er betaling her?“ Han vart så sur fordi han visste at det ikkje var betaling der og trudde me skulle ha pengar frå han 😊

Me ville booke hotell i 2 netter, men alle hotella i sentrum var fullbooka. Me enda på Hotel Juzjnaja, ein liten køyretur frå sentrum. Me skifta til sommarkle og gjekk ut. Det var enklast å ta trolleybuss til byen. Billetter skulle kjøpast om bord. Me trudde det var sjå sjåføren, men han sendte oss lenger bak. Der sat ei dame med ein rull som såg ut som billetter så me kjøpte to billetter for 20 RUB. Då trolleybussen byrja å køyra, gjekk ho rundt og selde billetter og sjekka om alle hadde betalt. Det er slike konduktørar i heile kollektivtransporten, og dette var berre ein trolleybuss av linje 10. Ein annan måte å koma seg fram på i russiske byar er å ta marsjrutka. Marsjrutka er ein privat minibuss som køyrer i byen, det er mange av dei, så det er berre å stoppe ein av dei, setje seg og betale til sjåføren når ein går av.

  

  

I sentrum gjekk me langs Heltealléen mot elva. Me hadde ikkje ete sidan frukost og fann oss ein koseleg plass. Det var så varmt ute at det var installert vatnspreiarar over terrassen. Me vart kalde og måtte koma oss ut etter kvart. Men me fekk i oss alt dette: fiskesuppa ukha, panert ost, oksetunge med pota og sopp, kylling à la Volga (kyllingsnitzel bakt med tomat og ost) og forfriskande mors med sitronsmak.

  

  

  

  

  

  

  

Etter ein liten tur til elva tok me drosje til Mamajev Kurgan. Kurgan betyr gravhaug, altså ein haug over ein gravstad og gjerne med eit minnesmerkje på toppen. Denne gravhaugen er laga av lik til soldatane som falt i slaget ved Stalingrad i 1942, då rundt 1 million russarar døydde. Under andre verdskrig var den også kjent som Topp 102. På toppen av Mamajev Kurgan står ei 85 meter høg monumental statue av Moder Russland. Nokon seier at det er det vakraste krigsminnesmerket som nokosinne er bygd. Sjølve statue er 52 meter høg og sverdet ho held er 33 meter langt. Den vart bygd i 1967 då den var den største statue i verda. I tillegg til Moder Russland finst det her også eit Pantheon med namna til dei 7 200 fallne soldatar og evig flamme. Det er ein veldig populær stad, og mange russarar kjem hit. Me var der om kvelden og møtte unge og gamle, badnafameliar og turistar. Når deko ein gong får sjans til å reisa til Volgograd, må deko ta ein tur dit.

  

  

  

  

  

  

  

  

  

  

  

På vegen tilbake tok me ei marsjrutka som akkurat hadde stansa på busstoppet. Me sette oss framme med sjåføren, betalte 40 R og gjekk av framom hotellet. Me kjøpte hotdog og kebab i lefse, handla litt mat og vatn og gjekk på hotellet.

Det er heilt klart at den offentlege transporten er billegast. Ein billett med trolleybussen kosta 10 R (2 kroner), ein billett med marsjrutka 20 R (4 kroner) og taxi for oss begge 200 R (40 kroner). Så marsjrutka er dobbelt så dyrt som trolleybuss, men 10 gonger billegare enn taxi. Sjølv om taxi var dyrast, så hadde me ein god prat med sjåføren. Alt har sine fordelar og ulemper. Me synst det er interessant å prøva forskjellige ting og samanlikna priser.

Volgograd er ein stor by på ca. 1,1 mil. innbyggjarar, men sentrum er ganske kompakt. I dag heiter byen Volgograd, men det har ikkje alltid vore slikt. I åra 1598-1925 vart den kalla Tsaritsyno (tsarens by) og deretter Stalingrad til 1961. Byen skifta namn til Stalingrad etter slutten av den russiske revolusjonen til æra for Stalin, som var ansvarleg for at bolsjevikane fekk okkupert byen. Volgograd gjekk inn i historia under andre verdskrig, då eit av dei avgjerande slaga, kjent som slaget ved Stalingrad, fant stad der. I 1862 vart ein av dei fyrste jernbanelinjer i Russland ferdigstilt. Av industri finst det i byen tungt maskineri, traktorfabrikkar, vatnkraftverk og militærverft.

 Til slutt ein interessant ting. Visste deko at Volgograd ligg på same breiddegrad som Nitra (Volgograd på 48,42 N og Nitra på 48,18 N)? 😊 Litt repetisjon: Stockholm ligg på same lengdegrad som Nitra (18 Ø) 😊