Skip to content

God tur over havet, bilen

Siste dagjen på campingjen, me sto opp tidleg, pakka våre ting og reiste til Baltimore for å levera bilen. I Security-skranken fekk me beskjed om at me var på feil plass og at me i tillegg trengte ein eskorte som har løyve til å bevega seg på havneområdet. På ein parkeringsplass i nærleiken var det eskortefolk som kunne hjelpa oss. Geir køyrte åleine med ein eskorte og Ivana sat i bilen til sjefen hans og snakka med ham. Han klaga på at hans tilsette tente 13 dollar i timen, mens dei på terminalen tente 35-100 dollar. Det var ein stille dag i dag, vanlegvis har dei ca. 25 trailerar på ein dag. Geir kom tilbake etter 1 time, men på tollvesenet var han berre i 3 minutt. So bilen er levert og me vart køyrt til Greyhound der me tok buss i frå. Den brukte 3 timar til New York. Helena møtte oss på busstasjonen og me tok t-bane til Jersey City der ho budde. Der helste me på romkameraten hennar, handla mat til middag og berre slappa av resten av kvelden.

I dag tidleg vakna me i Baltimore i Maryland, køyrte gjennom Philadelphia i Pennsylvania og la oss til å sova i Jersey City i New Jersey. Sjølv om USA er eit stort land, nokre stader er det so korte avstandar at ein kan vera i 3-4 statar på ein dag.

I Maryland budde me i Millersville, midt i mellom Baltimore og Annapolis. Eller, eigentleg nærmare Annapolis som er hovudstaden til Maryland. Derifrå var det heller ikkje langt til USAs hovudstad som me har reist til dei siste dagane. Maryland har cirka 6 millionar innbyggjarar og er lika stort som til dømes Belgia. Maryland vart stifta som ein katolsk koloni i 1632 på ordre frå kong Karl I av England. Han oppkalla den etter si kåna Henrietta Maria som var katolikk. Baltimore er den største byen i Maryland og er kjend for høg kriminalitet, til og med høgare enn i New York.

Camping i USA

I USA campa me mykje meir på campingplassar enn i Russland. Den første grunnen var at det var utruleg vanskjeleg å finna ein plass i naturen der ein kunne campa. Både i USA og Canada har dei eit godt utbygd nett av campingplassar og vil at folk skal bruka dei og ikkje campa vilt. Den andre grunnen er at campingplassar tilbyr ein viss standard som do, dusj, vaskemaskinar, men også en tryggleikskjensle. I tillegg til private campingplassar finst også statsparkar som ikkje gjev so mykje luksus, men er heilt greie so lengje dei ikkje er i ein avsides skog kor me ein gong nesten var heilt åleina og det var ikkje behageleg. I alle fall ikkje når me veit at dei fleste amerikanarar eig eit våpen og kan bruka den når som helst. I staten Washington kan eigaren skyta folk som ikkje har noko å gjera på eigendommen hans inkludert bil, hus, hage. I Texas ringjer dei ikkje 911, dei skyt med ein gong (som det stod på ei t-skjorte). Det er eit gansje vilt land. Me følte oss mykje tryggare i Russland. Der kunne me stoppa kor som helst og ingjen brydde seg om oss (heller ikkje traktorføraren som sprøyta åkeren og køyrte rundt campen vår).

Det er relativt billig å bu på camping i USA, ei natt for to personar i telt kostar ca. 30 dollar. Til samanlikning kostar eit motellrom rundt 80 dollar. Hotellrom veit me ikkje kva kostar, fordi me budde ikkje på hotell. Motell er praktisk og veldig populært i USA. Bilen kan parkerast rett framføre rommet. Det er vanlegvis to store senger på eit dobbeltrom, og kvar av dei er større enn den me har i takteltet vårt. Ei ulempe er at det ikkje er skikkelege dyner i sengjene, berre tynne laken og tepper som me ikkje likar. Dei kan ikkje måla seg med vår varme fluffy dyne 😊 Nokre gongjer er frukost inkludert i prisen, men den er veldig enkel, som oftast berre søt toast, smør og syltetøy. Dei siste dagane våre i USA, før me skulle senda bilen heim att, sov me ikkje i teltet. Me ville unngå å pakka ned takteltet i regn slik at det ikkje var fuktig i ein månad under transporten. Veret i november var ikkje noko å skryta av, det var minusgradar og det snødde!

Amerikanske vegskilt

Under er fortsetjing av vegskilt frå i går. Forresten, skjønar deko noko av køyremønsteret i videoen? Me skjønte det ikkje til å byrja med, so me køyrde når det passa oss, sidan me ikkje såg eit system i det. Her såg det ut som om me kom på forkjøyrsveg, men etter ein stund med observasjon fann me ut at reglar om forkøyrsveg ikkje gjaldt eller at me skulle stoppa for bilar frå høgre. Skiltet før krysset heitte All way og bilar køyrer i den rekkjefølgjen som dei kjem til krysset.