Skip to content

Me nytar køyretur langs Volga

Det er ofte slik at me vaknar tidleg, set oss i bilen og køyrer. Frukosten tar me seinare på ein fin stad langs vegen. Me lagar oss helst noko sjølv, men dersom me ikkje har mat so stoppar me på ein cafè. Maten må planleggjast litt, kjøleskåpet er ikkje så stort og maten varer ikkje evig. Me slår av kjøleskåpet om natta for at me skal få start på bilen om morgonen. Og no har det byrja å verta skikkeleg varmt så me handlar lite om gongen og et det etterkvart.

Etter cirka to timar kom me til Saratov. Av erfaringa hin dagen ville me ikkje køyra til byen og køyrde i staden for på ringvegen rundt byen som var 55 km lang og tok oss 1 time. På brua over Volga vart me stoppa av politi. Det såg ut som han berre var forviten, ville ikkje sjå dei utanlandske papira og sa me kunne fortsette. Men han lurte på kor me skulle med so store hjul på bilen 😊

  

  

  

  

  

  

Rett etter brua over Volga ligg byen Engels og ca. 70 km seinare byen Marks. Me vitja altså Marks og Engels 😊 Me er på veg til Samara no og vil stoppa rett før byen sånn at me kan sjå den i morgo. Etter dieselpåfyll og rask middag ved vegen byrja med å leita etter overnatting, fordi no vart det kveld igjen. Det verkar ikkje så lenge, men i dag har me alt køyrt i 8,5 timar. Overnatting fann me ca. 60 km sør for Samara, på ein veg som førte til ein nedlagt kraftstasjon. Det var ikkje mykje trafikk der, men masse mygg. Dei angreip oss heile tida so etter ei stund måtte me berre inn i takboksen 😊

  

  

  

Våre erfaringer med politi so langt

Alle har advart oss om at me måtte betala bestikkelsar osv., men politiet var berre positive og greie. Politiet (trafikkpoliti, DPS) har sine postar før og etter byar og dei er overalt i byar og på vegane mellom byane. Me prøver å køyra slik at me ligg i den venstre fila og ikkje vert tekne so lett. Det som er eit godt tips til å ikkje verta stoppa av politiet er å forhalda seg til reglar: halde farten, ikkje køyra på raudt, ikkje køyra forbi der det ikkje er lov… Men me er heller ikkje udødelege og kan gjera feil.

Fyrste politikontroll kom like før St. Petersburg, me veit ikkje kva han var ute etter, so me gav han det norske førarkortet som han studerte ei stund. So fekk me køyra vidare. Her ein dag vart me vinka til sida, brukte utlendingstaktikken (ikkje snakka russisk og spela dum), men Geir måtte til slutt inn i politibilen. Det var då dei viste han video av bilen i 97 km/t i 60-sone. Me var kjempefornøgde med å betala 500 rublar og det var politiet også då dei fekk 200 rublar i drinks 😊 For nokre dagar sidan då me køyrde på raudt, måtte Geir inni politistasjonen og diskutera for å unngå bot og det gjekk fint. Me vart stoppa igjen heilt tilfeldig av same politimannen på vegen tilbake. Og i dag igjen vart me stoppa.

Vår oppfatning av politiet er at dei berre stopper dei som gjer noko gale (og det er nok mange!). Elles lagar dei ikkje problem og mytar om bestikkelsar og truslar merka me ikkje noko av på turen. Det verkar som om dei stoppar utlendingar fordi dei er forvitne og vil snakka og få vita meir. Alle politimenn me har vore borti har vore veldig hyggjelege. Fylg med vidare so får du nok lesa om ymse.