Skip to content

Grand Canyon

Sjøl om me var i Utah i ei lita stund, er me no i Arizona att. Namnet Arizona kjem frå ordet arizonac som på indianarspråkjet tyder ei lita kjelde. Noken meiner det kjem frå det spanske ordet arida zona som tyder turt område. Staten vert også kalla „Grand Canyon State“ fordi den befinn seg i Arizona. Arizona har ei 626 km lang grense mot Mexico i sør og cirka 21% av befolkningaer meksikanarar. Dei mest brukte språk er engelsk, spansk og navajo (språkjet til indianarar nordaust i staten). Arizona er sjette største og raskast veksande stat i USA. Hovudstaden og den største byen er Phoenix.

Etter frukosten køyrde me på veg 9 mot Grand Canyon. Naturen i nasjonalparken Zion er verkjeleg veldig fin, på vegen såg me fjellgeiter på bratte bakkar og alle stoppa for å ta bilder av dei. Vegen svingte seg bratt oppover fjellsido og utsikten opna seg jo lenger opp me kom. På vegen var det mange myrke, smale og fæle tunnelar, det minna oss om Norge. Det var kø nesten heile vegen opp, fordi folk stoppa og tok bilder overalt.

  

  

  

  

  

  

  

  

Etter ein stund kom me til North Rim, altså den nordlege delen av Grand Canyon. Det regna gansje mykje, men me visste ikkje kor tid det kom til å stoppa, om i heila tekje i næraste framtid, so me tok på oss regnkle og gjekk ut. Geir hadde shorts, poncho og crocs og ein mann likte det so godt at han sa til Geir: „I like your dress“ 😊 Me fekk sett litt av Grand Canyon og Bright Angel Canyon før skodda tok over heile canyonen. Det var ein sti til utsiktspunktet Bright Angel Point, men me såg ingjenting på grunn av skodda. I staden for å venta på fint vær køyrde me vekk frå Grand Canyon og laga oss middag langs vegen, skodda tok oss att og det var kaldt der me sat. So såg me ein camping i nærleiken og sjekka inn. På kvelden kom me tilbake til canyonen for å sjå på solnedgang.

Grand Canyon vart oppretta som nasjonalpark i 1919 og verdsarvstad i 1979. Grand Canyon er 446 km lang, 1,6 km djup og 8-29 km brei. 5 millionar menneskje vitja den kvart år, dei fleste i South Rim. North Rim har berre 15% av besøkjande til South Rim. Point Imperial (2 683 m) er det høgste punktet på både North og South Rim. I 2007 bygde dei Grand Canyon Skywalk, ein utsiktsplattform forma som hestesko i glas og stål, på ei høgd 1219 meter over elva Colorado. Den renn gjennom og dannar grenso mellom California og Arizona.