Skip to content

Biff og Cadillac

  

Frå Santa Fe køyrde me den historiske Route 66. I dag kryssa me grenso til Texas, USAs nest største stat etter Alaska (arealmessig) og California (folketalmessig). Me kom inn i ei ny tidssone, Central Time Zone, og stilte klokko 1 time fram (7 timar forskjell frå Slovakia/Norge). Texas skil seg frå andre statar med ekstra mange skilt langs vegane, alt frå velkomen-til-Texas-skilt, maksfart både i dagslys og om natta, forbodsskilt mot å hiva bos lang vegen, påminning om å ta på seg setebeltet, rett og slett mykje å fylgje med på.

Før me kom til Amarillo stoppa me på Cadillac Ranch, ei samling av 10 klassiske Cadillacer som er gravd ned i jorda med nåse ned. Det var eit prosjekt av ei kunstnarguppe frå 1974 i samband med lokalmillionæren Stanley Marsh som eigde tomta. I 1997 vart kunstverket flytta lenger vekk frå Amarillo som vaks fort.

Amarillo skal vera ein cowboyby med suvenirbutikkar, restaurantar, caféar og – cowboys og cowgirls! Det historiske distriktet Old San Jacinto var sperra av politiet grunna eit motorsykkeltreff og me sirkla litt rundt før me parkerte. Me hadde lese om Golden Light Café, ein hamburgarrestaurant frå 1946 som står langs den gamle Route 66. Dei laga visst gode burgarar, men heile staden såg nedlagt ut, so me åt på andre sido av vegen. Biffen fekk me servert på ein toast. Nesten 90 % av alt oksekjøt i Texas og 25 % nasjonalt kjem frå Amarillo. Amarillo er også eit av dei få stadane på jorda der det vart funne helium (reservane er oppbrukt i dag).

  

  

  

Me vurderte å køyra „Road to Nowhere“ (veg 83), men vart frårådde av to luringar som me snakka med. Dei sa at det ikkje var noko grunn til å køyra der og anbefalte heller veg til Wichita Falls. Me kan ikkje seia at det var meir spanande 😊 Veg 83 går langs 100. meridianen som startar på Nordpolen, går via Nordishavet, Canada, USA, Mexico, Stillehavet, Sørishavet og sluttar på Sørpolen. I USA går den gjønom Nord- og Sør-Dakota, Nebraska, Kansas, Oklahoma og Texas, dannar eit skilje mydlo det turre klimaet i vest og det fuktige kontinentale klimaet i aust.

Då me var slitne på kvelden, svingte me inn på ein mindre veg og fann oss ein stad å sova på. Det var ein statspark utan betjening, so me berre fylte ut eit registreringsskjema, betalte og fann oss ein plass. Me snakka med våre kanadiske naboar og om kvelden høyrde me rare lyder i skogen utanfor campingjen. Det høyrdest ut som ulv og me vart småredde, hoooo ☹

Cirka 200 kilometer frå der me campa står dåverande største vindmøllepark i verda med 500 turbinar som produserer 735 MW elektrisitet til 250 000 hushaldningar (Horse Hollow Wind Energy Center i nærleiken av byen Abilene).