Skip to content

Khabarovsk

I dag skal me til Khabarovsk. Planen er å sjekka radiatoren og få orden på han. Me fann ikkje vegen til Toyota-senteret med ein gong, hadde køyrd altfor langt og måtte spørja om hjelp. Me spurde på ein bensinstasjon, men der visste dei ikkje. Ein mann stod i kø saman med oss so me spurde om han visste kor det var. Han sa me kunne køyra bak ham 😊 På Toyota-senteret vart me møtt av Jevgenij, ein entusiastisk ung mann som snakka engelsk. Han ringte til mangjen plassar for å høyra om dei hadde ei ny vifte. På venterommet fekk me tilbod om kaffe (ikkje noken andre, berre oss). Geir og Jevgenij køyrde av garde for å henta ein del (viskosekobling til vifte) og fann fleire gode ting hos ein skraphandlar. Bilen vart att på verkstaden og dei skulle spyla den innvending og skifte koblingjen. Me fekk også kontakt til Toyota-senteret i Vladivostok som me kunne kontakta viss det var naudsynt. Noken av dei frå Vladivostok var faktisk i Khabarovsk denne dagen og dei var veldig interessert i bilen og turen vår. Etter 4 timar på verkstaden bestilte Jevgenij taxi til oss, ei dame med ratt på feil side, som køyrde oss til hotellet me hadde reservert.

  

  

Hotell Tsjajka var eit sovjetisk hotell med mangjen tilsette i resepsjonen. Noken av dei gjorde nok ikkje so mykje meir enn å løysa kryssord. Resepsjonisten tok kopiar av passet, visumet og migrasjonskortet. Me fekk eit rom i ein veldig høg etasje og sidan Geir aldri tar heis, spurde me om å få byta til eit rom i ein lågare etasje. Det fekk me ikkje sidan romma i lågare etasjar var pussa opp og dermed også dyrare. Ei av resepsjonistane viste oss kor frukostsalen og rommet var. Sidan Geir tok trappa, hjelpte ho Ivana med bagasjen. Rommet var gamalt og slete, spesielt badet og balkongen. Men personalet var heilt fantastisk. Mens me ordna oss på rommet før me gjekk ut kom resepsjonsdama „vår“ opp med kredittkortet til Geir som han hadde gløymd i resepsjonen. Når me var på veg ut, kopierte resepsjonisten eit kart til oss, forklarte kor me var, kor me skulle ta buss frå og kor i byen me kunne gå av bussen. Ho andra skreiv ned nummera til bussar me kunne ta (buss 56, 19) og var med ut for å visa kor busstoppet var. Ho fekk seg en spasertur, hadde kanskje lyst til å lufta seg litt 😊 Klokko var nesten midnatt då me kom tilbake til hotellet og dei vart redde for at det hadde skjedd noko med oss. Me fekk tilbod om å flytta til lågare etasje, dei syntest synd på at Geir gjekk opp trappa. Det nye rommet var heilt topp, nyoppussa og alt virka.

  

  

  

I dag tidleg køyrde me over brua over den store Amurelva. Der stod skiltet Tsjiita 2 165 km og Khabarovsk 0 km som markerte starten/slutten på Amur-vegen. Tilsvarande skilt stod i Tsjita. Khabarovsk er ein veldig fin by, her likte me oss godt. Det er interessant korleis byen er bygd opp. Fleire parallelle lange gater strekkjer seg frå elva, annankvar gate ligg på ein haug og mange mindre gater går på tvers so då køyrar ein som på ei berg-og-dal-bane. Sentrum av byen befinn seg mydlo Leninplassen og elva. Det er eit stykkje å gå, men det er ein del restaurantar, kaféar og butikkar. På Leninplassen står ei lita statue av Lenin og ei stor fontene. Plassen er stor og fin og det er alltid masse folk der. Sidan klokka alt var 15 då me reiste frå Toyota-senteret, me sjekka inn på hotellet og so reiste me til byen, var det kveld då me kom dit. Me gjekk i en park, spaserte langs den lange gata til elva, såg på folk og livet i byen, var innom postkontoret (det er eit langvarig prosjekt i Russland) og åt god mat på ein restaurant. Meir fekk me ikkje tid til i dag, men det vert ein ny dag i morgon 😊

Khabarovsk er ein stor by med 610 000 innbyggjarar, den nest største by i Den fjerne aust. Jerofej Khabarov, ein russisk oppdagar, grunnla byen som ein militær utpost Khabarovka i 1858. Den endra namnet til Khabarovsk i 1893. Elvane Amur og Ussuri renn gjøno byen og den kinesiske grensa ligg berre 30 kilometer frå byen. Khabarovsk har vore eit viktig industrisenter, handel med fiks og pels har vore dominerande og det er også fruktbar jord i regionen. I 1897 kom jernbane til byen. Byen var okkupert av japanske soldatar under russisk borgarkrig i 1920 og etter 2. verdskrig var rettssaka mot japanske krigsforbrytarar haldne her. Søsterbyane til Khabarovsk er til dømes Portland i USA og Victoria i Canada som me skal skriva om seinare. Forresten, Nitra, Volgograd og Khabarovsk ligg omtrent på same breddegrad: 48-49 gradar nord 😊