Skip to content

Sykkeltur og natteliv i NYC

I dag er den store sykkeldagen i Central Park. Me bestilte syklar på nettet, men dei ringte for å gje beskjed om at dei var stengde for sesongen og at dei skulle overføra pengane tilbake. Men me skulle sykla likevel. Då me kom til Manhattan, fann me oss ein koseleg kafé på Broadway kor dei hadde eit vanvittig stort utval av muffins (cupcakes) og god kaffi. Broadway er New Yorks hovudgate som går gjøno heile Manhattan, frå omtrent der me tok ferje til Staten Island, forbi Central Park til Bronx. So flytta me oss sakte til Central Park og leigde syklar frå nokre luringar. Det tok ca. to timer å sykla rundt. Central Park vart laga til i 1850-årene og er ein fire kilometer lang park (rundturen er ca. 10 km).

I nærleiken av parken ligg fleire kjente museer som Metropolitan Museum of Art, Museum of the City of New York eller Guggenheim. Dakota er huset der John Lennon vart skoten 08.12.1980. Enka hans Yoko Ono bur der framleis. Huset er i nærleiken av Strawberry Fields, eit minnesmerkje til minne om John Lennon som er oppkalla etter songjen til Beatles. Minnesmerkje består av mosaikk med skrift Imagine i midten som Yoko Ono donerte 1 million dollar til. Det var ein del joggarar og profesjonelle syklistar i parkjen. Bilar kan køyre på høgre sido av parken etter kl. 15. Me sykla både på vegen og i sjølve parkjen, opp og ned, fram og tilbake. På sørvestsido av parkjen hadde dei laga målstreken til New York Marathon som skulle finne stad den 6. november. Den fyrste maraton vart arrangert i 1970, starten er på Staten Island, går over Verrazano Bridge, gjennom byen og endar i Central Park. Klokko 16 leverte me syklane og åt lunsj på ein relativt grei plass i 57th Street.

  

  

  

  

  

  

  

På kvelden trefte me Helena og gjekk ut for å eta. Me havna i Soho og der var det ikkje so lett å finna ein grei restaurant, det var berre butikkar, høge hus og ingen etestadar. Til slutt kom me til Little Italy der det nesten berre er italienske restaurantar, og vart jaga inn i ein famelierestaurant av ein ung russar. Me vart ståande og snakka med Vassilij frå Krasnojarsk. Han hadde budd i New York i fire år. Han var overraska over at me hadde køyrt gjennom heile Russland, til og med heimbyen hans, han hadde berre vore i Irkutsk, Novosibirsk og Moskva. Han fortalte om at eigarane til restauranten betalte ei husleige på 30 000 dollar i månaden og hadde ikkje so høge prisar på maten i restauranten. Det var sikkert ein slags tricks for å få oss inn. Me bestilte pasta og italiensk vin, og alt var delikat. Men dei tok med tips på rekninga. I New York er det forresten 20 000 restaurantar so me rakk ikkje å gå på alle 😊

Etter middagjen hadde me ingjen planar, men plutseleg såg me biljard på ein plass me gjekk forbi, so me tok ein runde. Me smakte også på øl som heiter Moo 😊 Me hadde lyst til å sjå Times Square om natta, med mykje lys, so me tok drosje dit. Elles hadde det tatt ein time å gå. Og taxi er relativt billig i USA. På Times Square var alt opplyst, enorme reklamer overalt på dei høge bygningane som omkransar plassen. På Father Duffy Plaza som er ein del av Times Square er det ei raud trapp, der folk sit og tek bilete. Me tok ein tur på ein irsk pub der Helena snakka med ein „kjekkas“ frå Brooklyn som bestilte drinkar til oss alle 😊 Me var seint i seng i natt, men det var kjekt å få oppleva litt av nattelivet i det store eple 😊