Skip to content

I Philadelphias gater

Philadelphia er den største byen i Commonwealth of Pennsylvania som den offisielt heiter. Det er USAs sjette største by med cirka 1,6 millionar innbyggjarar (5,8 millionar i storbyområde, omtrent som i Norge og Slovakia). Byen kallast Philly på folkemunne og tyder City of Brotherly Love, altså nestekjærleikens by (filos er kjærleik og adelfos er bror på gresk). Byen vart grunnlagd av William Penn i 1682, han same som inviterte amishane til Pennsylvania. Philadelphia er ein av dei eldste og viktigaste byar i USA. Åra 1776 og 1787 er dei viktigaste i amerikansk historie, og dei får deko vita meir om i morgon. Mydlo 1790 og 1800 var byen hovudstad i USA, mens Washington D.C. var under bygging, og USAs mest folkerike by. Av politisk betydning var Philadelphia viktigare enn New York og Boston.

Benjamin Franklin hadde mykje av æra for det. Han er mest kjend som ein av „USAs landsfedre“, politiske leiarar og statsmenn som skreiv under på Uavhengigheitserklæringa og vedtok USAs grunnlov. Han var medforfattar av tekst av begge desse viktige dokumenta. Han var også ein av leiarane av den amerikanske revolusjonen, ambassadør i Paris og budde også i London. Han utdanna seg til boktrykkjar og fysikar, men han vert også hugsa for sine oppfinnelsar, til dømes lynavleiaren og bifokale briller. Hans portrett er på 100-dollar seddelen. Ein klok sitat frå Benjamin Franklin: „Beer is a proof that God loves us and wants us to be happy” (Øl er eit bevis på at Gud elskar oss og vil at me skal vera lukkelege) 😊

  

  

  

  

  

  

  

  

Gjøno byen renn elva Delaware som er 600 km lang og renne gjøno 5 delstatar. Den utgjer deler av grenso mydlo Pennsylvania og New York, heile grenso mydlo New Jersey og Pennsylvania og New Jersey og Delaware. Ved elva i Philadelphia står Det irske monumentet til minne om hungersnøda på 1850-talet då 1 million irar døydde av svolt og 1 million kom seg til USA. I dag bur rundt 44 millionar irar i USA og dei utgjer den største etniske gruppa i Philadelphia.

Elfreth's Alley er ei lita koseleg gate frå 1702 med mykje historie. Det var faktisk landets fyrste gate med busetnad. Det er lagt brustein og dei 32 husa bygd i perioden 1702-1836 er smale og høge. Gata er oppkalla etter smeden Jeremiah Elfreth.

Betsy Ross House er eit museum om syerske Betsy Ross som skal ha sydd det fyrste amerikanske flagget i dette huset.

Visste deko at Philadelphia-ost kjem frå Philadelphia? Gansje logisk, men ein tenkjer kansje ikkje på det med det same. Ein spesialitet i Philadelphia er Philly Cheese Steak, ein bagettype fylt med tynne strimler av biff, løk og smelta ost. Det er ein slags fast food, men serverast også på restaurantar. På restauranten der me var hadde dei store bokstavar MO på veggen.