Skip to content

Ivolginsky datsan

I Verkhnjaja Berezovka utanfor Ulan-Ude er eit interessant etnografisk museum. På eit stort uteområde er mangjen objekt utstilt. Alt frå bronsealderen til det 20. århundre. Burjatia har ei spanande historie. Museet er via til nasjonar som bur i Zabajkalje og ein får veta om urbefolkning (evenkarar), mongolar, kossakkar, russiske innvandrarar frå vest og får sjå jurtar (tradisjonelle mongolske bustadar).

Frå museet flytta me oss til andre sido av byen. Me såg relativt fine bygningar og reine gater, det må dei ha i Ulan-Ude. Men når det gjeld køyring virka dei meir aggressive enn i resten av landet. Dei tuta på oss då det var ei lita luke framføre oss eller då me køyrde i vår fil og ikkje i vegkanten.

  

  

  

  

  

  

  

  

Ca. 30 km frå Ulan-Ude, i nærleiken av Ivolginsk, finn ein Ivolginsky datsan. Den ligg ved elva Ivolga, ved foten av fjellkjedo Khamar-Daban. Det er eit kompleks av buddhistiske templar (datsan), det største buddhistiske bedehuset nord for Mongolia. Komplekset består av fleire templar, universitet, skular, og det undervisast i buddhistisk filosofi, gamal burjatisk litteratur, ikonografi, tibetansk medisin, framandspråk, data, osv. Dette komplekset er samstundes senteret til buddhisme i Russland. Hovudlama i klosteret er overhovudet til alle russiske buddhistar. I 1945 gav Stalin løyve til å byggja klosteret som takk for Burjatias hjelp i andre verdskrig. Han sette fri munkar og lamaer frå gulagar til dette formål. I Sovjettida var berre to buddhistiske templar lovlege: Ivolginsky datsan og tempelet i Aginskoje i nærleiken av Tsjita. I eit av templa her kviler Dasji-Dorzjo Itigilov, ein burjatisk og buddhistisk lama som døydde i 1927. Då liket hans vart ekshumert i 2002, var kroppen hans bevart og håret vaks. Dalai Lama påstod at han var i djup meditasjon og framleis levande. Kroppen hans er på utstilling seks gongjer i året.

Inne i komplekset var det meininga å gå i klokkeretning. Overalt var det mangje bønehjul som ein skulle snurra mangje gongjer og hive pengar i ein kasse eller oppå kassen, noko som skulle bringa lukka. Det var òg mogleg å gå inn i templane, der var det òg meininga å gje pengar, folk bad og strødde ris. Overalt på området var det mykje suvenirbodar og litt påtrengjande seljarar so me kjøpte magnetar med våre stjerneteikn, Ivana kylling og Geir hest 😊 Me overhøyrde tyske turistar som meinte at denne plassen var kunstig og likna på Disneyland.