Skip to content

Cleveland og Erie

Cleveland er Ohios nest største by med litt under 400 000 innbyggjarar. Byen ligg på sørsido av Eriesjøen som dannar grenso mellom USA og Canada. Moses Cleaveland kjøpte land av urbefolkninga i 1796 og grunnla byen som seinare vart oppkalla etter han. Cleveland utvikla seg til eit stort industrisenter på grunn av at den ligg strategisk til ved ein innsjø, har tilgang på vatn og infrastruktur som kanalar og jernbane. Dette området er kjent som rustbeltet, eller stålbeltet, på grunn av omfattande stålindustri og anna tungindustri. På 1920-talet var Cleveland USAs femte største by.

Cleveland er venskapsby med Bratislava. På 1800-talet utvandra fleire hundretusen slovakar til USA og i dag bur det meir enn 100 000 slovakar i Cleveland og område. I 1907 vart det stifta Slovakisk liga i Amerika som representerte amerikanske slovakar og støtte til slovakar i heimlandet i kampen for sjølvstende frå Ungarn som Slovakia var ein del av då. I 1915 vart representantar av tsjekkarar av slovakar i USA einige om felles framgang for kamp for uavhengigheit og skreiv under på Cleveland-avtalen. Den skisserte korleis ein felles stat mydlo tsjekkarar og slovakar skulle fungera. Deira forbilde var personalunionen mydlo Sverige og Norge i åra 1814-1905 der den nye staten skulle vera basert på demokrati og slovakar skulle styra sitt eiget land. I dag har Cleveland ein slovakisk skule, fem kyrkjer, to radiostasjonar og verdas største statue av Milan Rastislav Štefánik, nasjonens far ifylgje mangjen.

  

  

  

  

Rockemuseum (Rock and Roll Hall of Fame) er ein populær attraksjon i byen. Men kvifor i Cleveland? Vel, der er visst fordi den lokale DJ Alan Freed arrangerte ein rock&roll-konsert og brukte begrep rock and roll for fyrste gong i 1951. Museet er forma som ei pyramide på 4 645 kvadratmeter og sju etasjar. Heile den nedste etasjen er via historia om rock and roll, ein kan sjå film og spasera mydlo kleda og andre ting som ein gong høyrde til kjende musikarar. Framom museet står bussen til Johnny Cash som han turnerte med dei siste 20 år i karrieren sin. Bak museet ligg dampbåten William G. Mather som var eit frakteskip på dei store sjøane (Great Lakes) før den vart eit museum.

  

  

  

  

Vest for Cleveland ligg Milan der oppfinnaren Thomas Edison var fødd. Aust for Cleveland ligg Kirtland som var senteret til mormonreligion i åra 1831-1837 då grunnleggjar Joseph Smith Jr. busette seg der og bygde den aller fyrste mormonkyrkja. Andre mormonar reiste saman med Brigham Young til Salt Lake City (han er kjend som grunnleggjaren til Salt Lake City).

Frå Cleveland køyrde me austover og dermed hoppa over heile Midtvesten, altså statar nord og midt i landet. Erie virka som ein grei stad for overnatting. Eigaren på campingjen kom opphavleg frå Sveits og tildelte oss ein fin plass på graset ved sido av innsjøen.

Erie ligg i Pennsylvania og hadde ei viktig rolle i Den britisk-amerikanske krigen i 1812 som amerikanarar erklærte mot Storbritannia av fleire grunnar. Dei hadde ynskje om å ekspandera til nordvest, dei ville verta kvitt handelsrestriksjonar pga. Storbritannias pågåande krig med Frankrike, dei ville sleppa press på amerikanske sjømenn om å vera med i Den kongelege marinen, og dei likte ikkje britisk støtte til indianarar som bremsa amerikansk ekspansjon.

Det er interessant å nemna at Erie produserast 10 % av USAs plast, regionen er USAs tredje største vinprodusent, etter California og Washington, og det finst ikkje moms på varer (kle) i Pennsylvania.