Skip to content

Amurtiger og amurleopard

Alle lastebilar på overnattingsstaden vår starta samtidig kl. 06:30. Geir sto opp tidleg og styrte på med bilen. Etter frukost fylde me diesel, men berre 13 liter. Me fylde fyrst 40 liter frå kannene me hadde med oss frå Norge. No nærmar me oss måldestinasjon i Russland so me må kvitta oss med drivstoff på kanner. Me kan ikkje ha diesel i bilen når den skal fraktast over havet.

Det er laurdag føremiddag og politiet er i full vigør. Me køyrar mot Spassk-Dalnij på ein forferdeleg dårleg veg. Politiet stoppar oss og byrjar med å beklaga den dårlege vegen. Dei spør fint om papira våre. Dei klagar på at dei ikkje kan lesa dei og ifylgje lovverket i Primorskij kraj skal alt vera på russisk. Så kjem det ein annan politimann som reddar oss. Han seier at alt er greitt, me kan køyra vidare og sjå på tigrane. Det hadde dei fått med seg, at me skulle sjå på amurtigrane 😊

  

  

  

Det zoologiske senteret til Det russiske forskingsakademiet er lokalisert i Gayvoron som er på veg frå Khabarovsk til Vladivostok. Det er eit forskingssenter der dei har to amurtigrar: ei 20 år gammal mor og 6 år gammal son. Dei kan bevege seg på eit inngjerda område på to mål. I tillegg til tigrane har dei også bjødn, ville kattar og andre kattedyr som rev og gaupe. Amurtiger, også kjend som sibirsk tiger eller mandsjuriatiger, er det største kattedyret i verda og ein av dei mest truga artar i verda. Tigeren er heimehøyrande i den sibirske taigaen, hovudsakeleg langs elvane Amur og Ussuri både i Russland og Kina.

Visninga har ope berre mydlo klokko 13 og 16 på laurdagar og sundagar, so me var eigentleg heldige at det var ein laurdag i dag. Me kom altfor tidleg og måtte venta i to timar, so me laga oss middag i mydlotida. Rett etter opninga byrja dei å fora tigrane. Dyrepassaren ropte på dei og dei fekk eitt stykkje kjøt kvar. Det er forbode å ta bilete inne på område for å ikkje forstyrra dyra. Derfor kjøpte me postkort og samstundes bidrog til innsamlinga deira for arbeidet dei gjer for å redda tigrane. Bilete av tigrane under er tekne av forskingssenteret og skanna inn frå postkort som me kjøpte der.

  

  

  

På vegen frå tigersenteret køyrde me gjøno Spassk-Dalnij og såg den same politimannen som stoppa oss tidlegare. Me handla brød på ein lokalbutikk og stoppa langs vegen fordi Geir var sleten. Han tok seg ein middagslur og Ivana lagde niste av nybakt brød i tilfelle dårlegare tider.

På kvelden svinga me av hovudvegen mot den kinesiske og nord-koreanske grensa som er berre 200 kilometer derifrå. Planen var å finna ein fin plass på stranda i vika Amurskij zaliv, men det var ikkje lett. Terrenget var annleis enn me hadde trudd, det var masse fjell og skog og stranda såg me aldri. Det var ein dårleg humpete veg, delvis ein grusveg so me snudde heller og køyrde tilbake. Me var i naturreservatet Kedrovaja padj der den sterkt truga amurleoparden lever. Amurleopard eller orientalsk leopard held til berre her i Primorskij-regionen og berre 30 leopardar lever i vill tilstand. Cirka 200 er i fangenskap i dyrehagar rundt omkring i verda, blant anna i Praha og København. Før i tida førekom dei også i Kina og Korea, men ein antar no at dei har vorte utrydda der. Den er også truga av utrydding i Russland, hovudsakeleg grunna krypskyttarar, avskoging og skogbrann. Med hensikt å redda amurleoparden vart den 2,6 mill. mål store nasjonalparken Leopardanes land etablert i 2012. Me såg han ikkje der då, men no skal den vera like ved Kedrovaja padj. Det var sett opp skilt ved vegen der ein vart minna på faren ved å gå ut i skogen.

Turen til Vladivostok tok oss nesten tre timar, inkludert eit politistopp. I Vladivostok byggjer dei nye vegar fordi det skal vera APEC-summit der i 2012. Langt utanfor byen var det byggjeplassar over alt so det var ikkje lett å overnatta. Me køyrde mot Nakhodka, men det vart plutseleg so myrkt at me ikkje såg noko anna enn lys frå andre bilar. I tillegg har me vore på veg i 11 timar so det var på tida å gje seg.