Skip to content

Snart er me i Asia

 

Ural er ein av dei eldste fjellkjedene i verda og oppstod etter kollisjonen mydlo kontinentane for meir enn 300 millionar år sidan. Den strekkjer seg 2 100 km frå Nordishavet i nord til Kasakhstan i syd og dannar grenso mydlo Vest-Russland og Sibir, men også Europa og Asia. Avstanden frå Norge er ca. 4 000 km. Ural er også ei elv. Den har sitt utspring i Uralfjella, renn ut i Kaspihavet og er ein del av den naturlege grenso mydlo Europa og Asia.

Fjellkjeda Ural er låg med store vidder og den høgste fjelltoppen er Narodnaja (1 895 moh). Men Ural er veldig rik på mineralar, olje og metallar som har danna ryggsøyla til russisk økonomi sidan 1700-talet då gruveindustri byrja å bløma opp i Peter den I. si tid. Kopar og jern frå Ural vart brukt til dømes ved byggjing av Fridomsstatua i New York og taket til parlamentet i London (House of Parliament). På 1930-talet vart det bygd nokon av dei største stål- og industrikompleks i verda (Uralmasj og Magnitogorsk). For at fiendar ikkje skulle kome lett til strategiske bedrifter under andre verdskrig, vart meir enn 700 bedrifter flytta frå Vest-Russland til bakom Uralfjella. Det vart her produsert for eksempel kalasjnikov (Izjevsk), tanks T-34 (Nizjnij Tagil) eller Katjusja-rakettar (Tsjeljabinsk). Fleire byar vart grunnlagde i Ural, til dømes Jekaterinburg og Perm, og dei fleste byane var grunna tung (militær-, kjerne- og biokjemisk) industri stengt for utlendingar heilt fram til oppløysinga av Sovjetunionen.

  

  

  

No er me på veg nordaust til Perm. Region Perm er like stor som heile Frankrike! Russiske byar er ganske store og lange, det bur over 1 million folk i Perm og byen strekkjer seg heile 65 km. Som i mangje andre russiske byar er det også her mykje bilar over alt og trafikkork heile dagen. Komsomolskij prospekt er ein kjempelang bulevard som strekkjer seg gjennom heile byen og fører til elva Kama. Kama er ei stor elv og renn ut i Volga ved Kazan. Perm vart grunnlagt i 1723 av Peter den Store som ein del av hans industrialisering av Ural. Det førekjem kopar og salt her. Byen var stengd for besøkjande pga. militær industri (tungt maskineri og flydesign).

Perm heitte Molotov i åra 1940-1957, oppkalla etter den sovjetiske politikaren Vjatsjeslav Molotov. Som statsminister skreiv han under på Molotov-Ribbentrop-pakta i 1939, den tysk-sovjetiske ikkje-angrepspakten som mista meining då Tyskland angreip Sovjetunionen i 1941. Namnet hans er nok mest kjend i samanheng med Molotovcoctail, ei flaske med brennbart stoff som eksploderar når ho vert knust. Det var finnane som gav namnet til dette våpenet under Vinterkrigen i 1939-1940 då Molotov påstod at sovjetiske fly slapp ned matforsyningar til Finlands befolkning, mens dei eigentleg bomba Helsinki.

I Perm var me berre ein ettermiddag, me gjekk ein tur i byen, såg på elva og åt middag. Perm er visst eit teatermekka i Russland på linje med Moskva og St. Petersburg og det er høg standard på teatra i byen. Det var sundag ettermiddag og veldig roleg i byen. Me hadde eigentleg lyst å sjå Gulag Perm 36, i dag eit museum, men før i tida arbeidsleir og fengsel etablert i Stalin si tid for „spesielt farlege statsfiendar“. Museet var stengt på måndagar og me ville ikkje bruka to dagar så me berre køyrde vidare.

  

  

  

  

  

  

Det var kø rett utanfor byen, me venta lengje, så køyrde me i 10 minuttar og hamna i ein ny kø. Det gjekk ikkje på fram, etter 4 timar hadde me bevegd oss 70 km. Det var sundag kveld og det var mykje bilar og lastebilar overalt langs vegane. Lastebilar kan ikkje køyra på sundagar i Russland og derfor venta dei langs vegen til midnatt. Plutseleg skulle alle køyra og alt stoppa opp. No er me i tillegg kome inn i ei ny tidssone, klokka skulle stillast to timar fram så me mista to timar. Det var lyst ute fram til midnatt, mangje bilar overalt og me kunne ikkje finna ein overnattingsplass. Me tok av vegen ein gong, men fann ingenting så me stilte oss i køen att. Så seint som klokka 2 om natta la me oss på ein overvaka parkeringsplass i lag med lastebilsjåførar. I det minste låg me trygt.