Skip to content

Korleis var det å ta metro i Moskva?

I dag gjorde me berre to ting. Planen var å sjå på Lenins balsamerte kropp i mausoleet, men Den raude plass var stengt pga. ein konsert seinare på kvelden og køen til mausoleet såg ut til å vara i alle fall to timar. Så me gjekk til Kreml i staden for. Det andre me gjorde var å ta metro. Det var eigentleg meir enn nok å gjera, fordi desse aktivitetane var tidkrevjande. Me måtte jo også eta, det gler me oss til kvar dag.

 

Kreml – symbol på makt i Russland. Det har vore sete til russiske tsarar og eit politisk, historisk og kulturelt sentrum sidan 1100-tallet. Det er her Putin sit og bestemmer. Det er fordi Kreml offisielt er sete for den russiske presidenten i dag. Me har allereie forklart kva ordet kreml betyr. Det betyr byfestning (for dei som har gløymt). Men Kreml i Moskva brukast ofte for å beskriva den politiske administrasjonen i Russland. Den opphavlege festninga var oppført i tre på 1100-talet, men bygd om i stein på 1500-talet. Den 2 kilometer lange og opptil 20 meter høge muren rundt Kreml er laga av raud murstein og har 5 portar og 20 tårn. Innafor muren er det mange bygningar: katedralar, palass, kontor, kasernar og anna.

Billettluka for inngang til Kreml er ved Treenighetsbrua og -tårnet. Billetten kosta rundt 80 kroner. Her måtte me levera ryggsekk og gå gjennom sikkerheitskontroll. Derifrå gjekk me forbi Kongresspalasset (den einaste moderne bygning i Kreml, bygd i 1961) før plassen med kyrkjene dukka opp. Her føregår ein seremoni klokka 12 kvar dag kor presidenten sitt regiment viser seg fram både med hestar, soldatar og musikarar. Kyrkjene i Kreml er nokon av dei mest betydningsfulle russiske kyrkjer. Dei fleste vart bygd av italienske arkitektar i russisk-bysantinsk stil med gylne kuplar. Uspenskijkatedralen var tsaren sin kroningskatedral i åra 1475–1479 og over inngangen til katedralen er ein verdifull fresco av Jomfru Maria frå 1660. Erkeengelkatedralen var tsaren si gravkyrkje før Peter den store flytta hovudstaden til St. Petersburg. Bebudelseskatedralen tente til tsarfamelien sine dåpar og brudlaup.

I tillegg til katedralar fins det i Kreml betydningsfulle palassar. Det store Kremlpalasset er eit palasskompleks frå 1849 som i dag vert brukt som representasjonslokalar for den russiske presidenten. Offisielle møter og for eksempel også presidentinnsetjing føregår her. Terempalasset med tsarfamilien sine private rom er også ein del av dette komplekset. I andre palass er skattar frå Det russiske riket utstilt. Desse palassa er ikkje opne for publikum.

Ein stor attraksjon i Kreml, alltid omringa av mange turistar, er tsarklokka (bokstavelig oversett frå russisk som klokkenes tsar). Det er den største klokka i verda, veg meir enn 200 tonn og derfor står den ved og ikkje på Ivan den store sitt klokketårn. Den har aldri vore ringt med fordi den sprakk etter ei rask avkjøling under brannsløkking. Det stykket som datt av under brannen veg 11 tonn og er utstilt saman med klokka.

  

  

  

  

  

  

  

  

  

Etter ein føremiddag fullspekka med historie skal me slappe litt av. Det er tid for mat! Det passa fint sidan veret forverra seg og regnet jaga oss inn på ein café. For å varme oss, bestilte me varme supper (med sopp og brokkoli) og russisk salat. Me kan også nemne middag når me fyrst snakkar om mat. Den åt me på Mu-mu (uttales mo-mo på norsk, u på slovakisk og russisk er o på norsk), ein sjølvbetjent restaurant som Aleksander anbefalte. Der bestilte me mange små porsjonar, det er dette som er så kjekt i Russland. Porsjonar er passeleg store og ein vert ikkje heilt øydelagt etter ein middag. På menyen i dag sto salat med skinke og ost, rekesalat, kjøttdeig i aspik, kjøtt på fransk, biff med egg, poteter med sopp og tsjekkisk mørkt øl Pražský most.

  

  

  

  

  

  

Metro i Moskva er ein av dei finaste i verda. Derfor sto ein tur med metroen høgt på programmet. Metro i Moskva fraktar 9 mill. folk kvar dag (meir enn London og New York til saman). Den vart bygd i 1935 under Stalin og har 150 stasjonar i dag. Stalin var oppteken av klassisk stil og derfor inneheld stasjonar bygd i hans tid mykje kunst og dyr utsmykking. Stasjoner bygd i Khrusjtsjov og Bresjnev si tid er mindre dekorert, var billegare og meir praktiske. Me kjøpte billett for 28 RUB (5 kroner) og gjekk ned i stasjonen Revolusjonsplassen (Plosjad Revolutsii). Me hadde kart over metroen og valde kva stasjonar me ville sjå. Nokon hadde me sett på bilde før og nokon valde me heilt tilfeldig. Me følgde éi linje, men me skifta også til ei anna linje. I Lonely Planet stod det at det ikkje var lov å ta bilete nede i metroen, men det leste me om fyrst etter at me hadde vore i metroen 🙂 I cirka 1 time gjekk me av og på og til saman såg me 11 stasjonar med utruleg fin arkitektur. Dei lokale hasta til jobb eller heim og som oftast sprang inn og ut av metroen, dei var ikkje så opptatt av arkitektur. Men det er vel sånn med oss alle, at det me har heima, set me ikkje pris på før mei har vore ute og reist. Dersom nokon skulle vera interessert, så var me innom desse metrostasjonar: Kurskaja, Komsomolskaja, Prospekt Mira, Novoslobodskaja, Belorusskaja, Majakovskaja, Pusjkinskaja, Barrikadnaja, Kievskaja og Arbatskaja. Me likte godt Majakovskaja med mange mosaikker i taket, fine lampar og søyler. Den vant Grand Prize på World`s Fair i New York i 1938. Me avslutta vårt metroeventyr på Arbatskaja i nærleiken av hotellet. Der var det folk som hadde malt blod på ansiktet og kroppen. Nokon av dei vart henta av politiet, men me veit ikkje kva det skulle førestilla, kanskje ein demonstrasjon?

  

  

  

  

  

  

  

  

  

  

Tilbake på hotellet kjøpte me kort til internett, og for eitt døgn betalte me 1050 RUB som er ca. 200 kroner eller 26 euro. Det var ganske dyrt, men me ville laste opp bilete på nettet slik at me hadde ein backup. Me hadde ein ekstern harddisk med oss, men den kunne plutseleg krasje eller verta stolen. Tilgang til nett var ei utfordring under heile turen. På den tida var det ikkje vanleg å bruke mobiltelefon til å surfe på nettet sidan pris for databruk i utlandet var skyhøg. Me vurderte ikkje å kjøpa eit lokalt SIM-kort så me var avhengige av internett på caféar og hotell. Det gjekk stort sett fint, me reiste jo ikkje for å stirre inn i mobilen heile tida. Dei gongane me trong internett, klarte me å finna det. Det er ein annan ting at internett som oftast var tregt eller ikkje virka. Også denne dagen på hotellet i Moskva gjekk lasting av bilete utruleg sakte.