Skip to content

På stronde French Beach

Etter frukost reiste me sørover mot Victoria på Highway 1 og so vestover langs kysten på veg 14 (West Coast Road). Forbi Sooke, ein liten by med mangjen butikkar, kom me til Jordan River. Denne staden er oppkalla etter ein spansk prest som kom til Vancouver Island på 1700-talet. Me ville berre sjå korleis det såg ut der, men alt såg heilt likt ut so me snudde og køyrde til French Beach Park. På parkeringsplassen hadde ei dame vakt og passa på bilane. Nede ved vatnet og på stranda var det kaldt og det bles mykje. Me gjekk oss ein tur på stranda, sette oss ned, såg på havet og slappa av. I bilen lagde me oss litt mat og sov middag.

  

  

  

På ettermiddagen flytta me oss nærmare Victoria. Me fann ein fin fameliedreven camping og tinga 4 netter. Alt såg veldig fint ut, me fekk plass i sole og hadde ikkje mangjen naboar. Det var bra med fasilitetar her, me måtte ordna ymse praktiske ting, so resten av dagjen var me berre her. Etter nesten tre veker hadde me behov for å vaska kle so det passa fint at det var vaskemaskinar her. Me hadde eit uhell med ei ildfast form som vart knust i betar mens me laga mat i den og glas og vatn var overalt i bubilen ☹ I resepsjonen fekk me tips om kor me kunne kjøpa ein ny, so det vert på planen for dei komande dagane.