Skip to content

Korleis klarte bilen seg?

Korleis klarte bilen ei so lang reise? Veldig bra, må me få lov til å seia. Me hadde lite tekniske problem og heldigvis ingen ulykker på turen.

Mellom St. Petersburg og Moskva køyrde må på ein skikkeleg dårleg veg. Staget som heldt støtdemparane på plass løsna frå ramma. Me stoppa i byen Tver og fekk hjelp til å sveisa det på igjen. Og då hadde me berre vore i Russland i eit par dagar!

Me visste om at radiatoren var dårleg, men me fekk ikkje tak i ny tidsnok før avreise frå Norge. Det vart ikkje problem før langt aust i Sibir då temperaturen var over 30 grader. Og det er sikkert eit paradoks for mange at det var so varmt i Sibir 😊 Då fekk me Toyota i Vladivostok til å skifta den før bilen skulle over Stillehavet og dei var så takknemlege for å kunne hjelpa oss 😊 Det var bra for det vart varmt nok i California, Nevada, Utah, Colorado, New Mexico og Texas 😊

I USA måtte me kjøpa nye bilbatterier, fordi dei lada seg ikkje godt nok etter at me hadde tekje bilen ut av containeren i Seattle. Det var visst ikkje lurt å ha eitt nytt og eit gamalt batteri so me kjøpte to heilt nye batteri i San Fransico.

Ellers var det ei fjør inne i vakuumregulatoren på dieselpumpa som knakk. Det fiksa me på ein lastebilverkstad med ei uoriginal fjør av ein kreativ mekanikar midt inni ørkenen i Utah.

Me fekk ikkje bruk for reservedelar som hjullager, universalkryss, vatnpumpe, etc. som me hadde med oss. Det var berre olje og filterskift og smøring av niplar som me prøvde å utføra kvar 7 500 km. Me hadde berre 1 punktering på turen i nærleiken av Krasnojarsk på ein noko ujevn grusveg. Me hadde kompressor og plugg til å reparera dette sjølve men det var så mange som ville hjelpa at det ordna seg av seg sjølv 😊

  

  

  

  

Snittforbruket var på 0,9 liter på mila. Det er bra med ein so gamal bil med 4 liters motor og totalvekt på 2 800 kg. Det var god tilgang på drivstoff og sjølv på dei lengste avstandane i Sibir på over 2 000 kilometer hadde dei rigga seg til med sal av drivstoff. Her var det so langt frå folk at dei hadde eige dieselaggregat til straum. Pumpene på desse utpostane var spartanske og ofte berre eit røyr med slange som var festa med vanleg slangeklemme. So var det berre å be om kor mykje ein ville ha, og det fekk ein om ein hadde plass på tanken eller ikkje. Dei stilte inn antal liter på førehand og starta pumpa. Det som ikkje var plass til på tanken rann berre ut på grusen og det var visst heilt greitt.

Gansje bra gjort på ein slik lang reise at me hadde so lite problem med bilen. Me er veldig stolte av han, det er ei «evigheitsmaskin» 😊 Endå meir stolte var me då folk i USA stoppa oss og sa at dei aldri hadde sett ein slik bil, som oftast pga. dieselmotor. Ein gong fekk me ein lapp bak vindusviskaren frå ein kongressmann i Alabama der han spurte om me ikkje ville selja den. Ein annan gong stoppa mannen i bompengeboden trafikkjen for å finna ut kva for årstal bilen var. Ho sabba dama som seldte oss dei nye batteri og monterte dei sjølv i bilen vår, var også interessert og i retur viste ho sin eigen bil. Same dag fylgde ein mann etter bilen vår og då han fekk sjå bilen, var han imponert både over dieselmotoren og interiøret. I Russland fekk me òg mange tomlar opp og mangjen likte dei store hjula, til og med politiet kommenterte dei og syntes det var stas.