Skip to content

Besøk på campingjen

I dag var planen å køyra til Seattle og sjå litt av byen sidan me var opptatt med forsikring i går. Etter at me hadde ete frukost og rett før me skulle gå, stoppa ein svart Mercedes ved sido av oss. Det var Vassilij. Han trudde ikkje at me framleis var her og me byrja å snakka. Det såg ut heile tida som om han skulle gå, me hadde ingjenting å tilby han og i tillegg trudde me at han var på veg til jobb. Men han snakka heile tida og me spurde òg, og klokko var plutseleg fem. Men det var koseleg. Han uttalte blant anna at han ikkje hadde køyrd bilen vår om me hadde betalt han, at bilen var ubehageleg, ikkje hadde air-condition og det ikkje gjekk an å starta den ein gong! Og då han fann ut at me skulle vera tre i bilen, himla han med augne og sa at me var crazy. Men Geir beroliga han med at Luba ikkje var so stor og viste med nevane at ho var omtrent ein halv meter stor 😊

So det vart ingjen tur til Seattle i dag, me køyrde til butikkjen i staden for. Me handla fisk og laga oss kjempegod middag. Resten av kvelden slappa me av. Det måtte i alle fall Geir gjera, fordi han vart so sleten av oppvaskjen. Me snakka med naboen vår frå California, han likte bilen vår, spesielt det at den brukte lite diesel. Me skjønar godt at han syntest det, fordi bubilen hans slukte sikkert like mykje som den me hadde i Canada. Den brukte 3 liter per mil, mens vår eigen bil brukar 1 liter per mil. Det er jo litt forskjell.

  

  

Sidan dagjen i dag ikkje var ekstremt krevjande og me ikkje fekk tekje nokon bilete, vil me skriva noko om amerikanske skilt på vegar og vise dei her. Sidan me berre har vore i USA i nokre dagar, har me ikkje hatt tid til å sjå veldig mangjen skilt endå, men me vil gradvis introdusera dei for deko. Nokre liknar på dei me er vane med, andre er heilt forskjellige, og derfor tok me bilete av dei.

Dei fleste skilt er beskreve med ord, det er ikkje nok med teikn som til dømes innkøyring forbode, det må i tillegg stå med store bokstavar Do not enter og Wrong way. I dag kan ein sjå slike skilt både i Slovakia og Norge, men då var det heilt nytt for oss. Eit anna, heilt uforståeleg, skilt var All way. Me kom til eit kryss og prøvde å finna ut kor tid me skulle køyra. Det såg ut som bilar køyrde i den rekkjefølgjen som dei kom til krysset, der gjaldt det ikkje reglar om forkøyrsveg eller at me skulle stoppa for bilar frå høgre. Me køyrde når de passa oss. Ein annan underleg ting er at bilar kan svinge til høgre sjøl om det er raudt lys. Det skreiv me om allereie i Canada. Skjønar ikkje at dei klarar å få det med seg når alle andre reglar må vera skrivne enklast mogleg, gjerne med både bilete og tekst. Ikkje for å vera stygg no, men tenkte på ho som saksøkte bilprodusenten, og vant saka!, fordi det i bruksanvisningen til bubilen stod at ein kunne laga mat i bubilen. Og ho gjorde det samstundes som ho „køyrde”.

Her er eit lite utval av skilt som me så langt har sett:

– Ver snill og ikkje køyr når du har drukkje

– Ikkje stopp på togskinnar

– Bilar med to og fleire passasjerar køyrar i venstre fil, ikkje i høgre som me er vane med. Andre skilt viser likevel at ein må køyra i høgre fil.