Skip to content

Litt sightseeing i Vladivostok

Me hadde ikkje frukost på hotellet, so me gjekk ut for å eta. Me oppdaga ein koseleg og moderne kafé ved museet der me bestilte omelett som var so tunn at den såg ut som pannekaker. Det jobba mange servitørar på kaféen og dei var interessert i kor me var frå og turen vår. Etter frukosten sjekka me mail frå Silver Wind og frå nokon som hadde køyrd omtrent same rute som oss. Dei shippa bilen sin frå Vladivostok til Seattle og kunne hjelpe oss med kontaktar, papira og andre tips. Dei skremde oss med problema dei hadde i Seattle. Bilen deira vart frakta i en 20-fots container slik me planleggjer no. Den vart stoppa i tollen i USA fordi den ikkje var rein nok og dei måtte betala for at tollvesenet skulle vaska den før dei slapp han inn i landet. Totalt måtte dei venta på bilen i 5 veker før dei fekk han ut av tollvesenet. Me vart lettare fortvila av å lesa om det og Geir spekulerte i alt frå å køyra tilbake til Norge til å hiva bilen på sjøen ☹ Me gjekk på togstasjon for å høyra om bilen kunne sendast til Norge med tog, men det var lange køar og me gav opp det.

  

  

  

Rett over vegen for Stillehavsflåten på ei kai i sentrum ligg ubåten S-56. Den er eit av mangjen monument i byen som heidrar russiske sjømenn. Saman med Krasnij Vympel som me såg hin dagjen er den ein del av monumentskomplekset til heder om Stillehavsflåten og er ein av dei mest vitja stadane i byen. Ubåten stammer frå 1936, fem år seinare vart den med i Stillehavsflåten og året etter vart den sendt til å vera med Nordishavsflåten i polarområdane. Under andre verdskrig segla den både i Atlanter- og Stillehavet og var med på fleire kampar. Den sokk ned og øydela mange fiendeskip og overlevde sjølv angrep frå 3 000 bomber mot seg sjølv. I 1975 vart den flytta på land og i dag er det eit museum inne i ubåten. Det er eigne utstillingar i kvar av dei sju romma. Ein kan sjå gamle bilete av ulike ubåtar, torpedoar og litt av det opphavlege utstyret, og læra om utviklinga til Stillehavsflåtens ubåtstyrkjer. Ved sido av ubåten er eit stort krigsminnesmerkje frå andre verdskrig med namn på falne soldatar og Stillehavsflåten sitt hovudsete.

  

  

  

  

  

  

I den nærliggjande parkjen står Nikolais triumfboge. Den var bygd i anledning tsarevitsj Nikolais besøk av byen i 1891. Han vart seinare russisk tsar Nikolai II., han som vart myrda i Jekaterinburg i 1918. Dette besøkjet var ein del av ein verdenstur som han gjennomførde som den vordande tsar for å verta betre kjend med landet sitt. Grunn til at triumfboge står nett der den står er fordi Nikolai kom til byen på sjøen. Minnesmerkjet er bygd i bysantinsk stil og syner skytshelgen til sjømenn Skt. Nikolai. Bolsjevikane sprengde den i lufta og den vart renovert fyrst i 2003. Dei lokale seier at dei som går under boga, vert lukkelege 😊

  

  

Me fekk telefon frå brokeren/agenten som ville treffe oss. Det var han som organiserte shipping av bilen og hadde kontakt med hamna i Vladivostok. Han sa at me kanskje kunne levere bilen i morgon. Han skulle ringja oss i morgon tidleg. So me trengde å forlengja opphaldet vårt på hotellet. Me skulle absolutt ikkje sova meir på same hotellet, so me booka to netter på hotell Ekvator. Dei kunne ikkje finna bestillinga då me kom og etter masse ringing fram og tilbake fekk me eit rom i 5. etasje. Det var eit luksusrom med utsikt mot sjøen som kosta 4 200 rublar, men me betalte 2 400 sidan dei ikkje hadde ledig rommet me hadde booka. Rommet vårt var stort, med ein stor gang med kjøken, stove, soverom og bad. Og utsikt.

På kvelden køyrde me til hamna (Port Vladivostok) for å sjå kor me skal treffe agenten vår i morgon. Derifrå køyrde me heilt ut på øya for å sjå kva som var der då me plutseleg oppdaga eit bilvaskeri. Der vaska dei bilen med ein gong. Me kom i prat med eigaren og fann ut at dottera hans jobba på hotell Ekvator og var på jobb då me sjekka inn. Han gav oss ei flaske vodka, tydelegvis heimalaga fordi den var tappa på ei stor plastflaske. Han sa òg at me kunne bu hos ham og gav oss telefonnummeret sitt. Etterpå køyrde me litt rundt for å lada bilbatteriet fordi bilen ville ikkje starta tidlegare i dag.